– Kanskje politi?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vrimla av ungdom, foreldre og lærarar då det tysdag og onsdag kveld var klart for å tenke på framtida.

– Vi har lyst å gå på villmarkslinja på Voss, seier Ingeborg Henanger (14) og Charlotte Hodneland (14) Dei går i niande klasse på Danielsen ungdomsskule, Frekhaug.

– Eg likar dyr, og det å vera ute, seier Ingeborg. Charlotte fortel at ho er oppteken av å vera aktiv. Her får dei generell studiekompetanse, og kan fortsette kvar til sitt.

– Eg har lyst å bli ambulansearbeider, eller kanskje sjukepleiar, seier Ingeborg, mens Charlotte draumar om å verte advokat.

LES OGSÅ: Utdanningsmessa samlar fleire tusen

Politi?
Litt lenger borte i hallen finn vi Kristoffer Haugsvær, som går i niande klasse på Matre skule. Han har henta seg brosjyrar frå Taf i Knarvik.

– Eg synest Taf elektro verkar bra, seier han. Men han er slett ikkje sikker på at han vil bli elektrikar.

– På denne skulen får eg jobba to dagar i veka. Det høyrest veldig fint ut å få lønn mens eg går på skule, smiler han. Og etter fire år er det mogleg å ta fagbrev, samtidig som ein får generell studiekompetanse.

– Eg kunne jo kanskje tenkt meg å verte politi då.

I Masfjorden då?

– Ja, helst der. Då kan eg passa på at ikkje mamma og pappa får bot, seier han.

LES FLEIRE SAKER OM YRKESVAL HER!

Plattform
Også Sebastian Brown frå 9. klasse på Matre, har sett seg ut Taf, entan elektro eller tip.

– Eg har stor interesse i praktisk arbeid, og synest det er lettare å lære på den måten, fortel han.

– Eg vil gjerne jobba med noko innanfor det tema då, kanskje på plattform eller liknande?

LES OGSÅ: Magnus studerer på Forsvaret sin ingeniørhøgskule

Årets elevbedrift
I år gjekk prisen Årets elevbedrift til Lindås ungdomsskule.

Marius Høgheim Vaktskjold og Thomas Gaulen Fanebust, frå klasse 9B, stakk av med tittelen i år.

– Dei hadde ein ide om å bruka heile treet. Dei lagde til mykje god ved, og lagde juledekorasjonar av kvistane, og flotte hjarter som ein til dømes kan henge på døra, fortel rektor på skulen, Henriette Rolland.

– Dei hadde pynta med bjørk i mjølkespann, og gjort det veldig fint der dei stod på onsdag, seier ho, og fortel at premien er 5000 kroner.

LES OGSÅ: Elevbedrifta vart den nye hobbyen

I tillegg vart det dela ut to prisar til. Sigrid Haugen Greve og Sarah Jul-Rasmussen frå 9A kunne smykke seg med tittelen Beste stand, og 1500 kroner, mens Sosialprofil-prisen gjekk til Kristine Jetmundsen Johnsen, Hanna Vabø og Thea Risøy.

Les saka i Nordhordland!

VILLMARKSLIV: Charlotte Hodneland og Ingeborg Henanger vurderar villmarkslinja på Voss.