Her er den einaste ungdomslista i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre éin konkurrent i valet

Steffen Skare er 22 år, og ordførarkandidat for Ungdomslista for øykommunen Utsira, vest for Haugesund. Han er eldstemann på lista. Den yngste er 18 år. Til saman er dei tolv på lista som utfordrar Utsira Fellesliste.

Kvifor var du med på å starta Ungdomslista på Utsira?
– Ungdomslista vart starta på initiativ av ordføraren vår, Jarle Nilsen. Tidlegare har det vore vanleg med ei fellesliste og ei bygdeliste på Utsira, ungdomen har vore representert på desse listene, men har som regel hamna så langt nede på lista at me ikkje har hatt kjangs til å bli valt inn. Ungdomslista blei då starta for å gi dei unge eit betre høve å bli valt inn i kommunestyret.

Kvifor er det trong for ei ungdomsliste i kommunen?
– Det er viktig å ha representantar for ungdommane i kommunestyret, me bur her ute me òg og bør difor ha eit ord med i laget. Når me er eit så lite samfunn som me er her ute bør alle aldersgrupper vera representert. Det er som Jarle Nilsen sa til meg, ''I staden for å gissa på kva ungdomane vil her ute, er det betre å få dei med inn i kommunestyret slik at dei har eit ord med i laget''.

Kva saker er du opptatt av?
– Personleg er eg mest oppteke av musikk og kultur. Eg er sjømann av yrke, men musikar av hjarte. Eller er eg oppteke av at alle skal vere likestilte, alle skal få den hjelpa dei eventuelt treng og hjelpa skal vere lik for alle. Eg synest òg det er viktig at vi får meir folk ut til Utsira, men for å få det til må det gjerast ting for å få folk til å flytte ut hit, bl.a må det vere arbeidsplassar.
Er det spesielle saker som ungdom er opptatt av på Utsira?
– Det er viktig at folk som flyttar ut hit får arbeidsplassar, men det er vel så viktig at dei får ein god livskvalitet her ute, folk skal trivast. Eg trur ikkje at vi unge her ute har meiningar som divergerer noko særleg frå resten av befolkninga, me er alle opptekne av at Utsira skal bestå, at alle her ute trivst og har gode tilbod og dessutan at vi på sikt får fleire innbyggjarar.

Kvifor er du medlem i Arbeidarpartiet?
– Det stemmer at eg er Ap-medlem, grunnen til at eg er det er nok pga påverknad frå familien. Farmor varet mitt alltid veldig engasjert i politikk og visste alltid kva som forgjekk rundt omkrig av nyhende, både nasjonalt og internasjonalt. Onkelen min var veldig engasjert politisk, han var med på å starte Utsira Arbeidarparti, og jobba som valforskar i Oslo.

Faren min har òg alltid vore engasjert. Sidan store dele av familien min har vore eller er Ap-medlemmar var det naturleg for meg å òg vere det. Eg har alltid helt mot Ap, men det var Jarle som fekk meg til å ta stega fullt ut og melde meg inn i partiet for eit års tid sidan. Det er ikkje berre Ap-medlemmar på lista, men me er vel 4-5 som er Ap-medlemmar. Resten trur eg ikkje er engasjert i noko politisk parti, men eg trur alle ligg på same side at skalaen.

Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?
– Stemmerett for 16-åringar meiner eg er berre tull, du er for ung til å vera med å bestemma i landet i ein alder av 16. 16-åringar flest veit ikkje kva som føregår i verda og er mest opptekne av det som føregår rundt dei akkurat der og då. Ikkje misforstå meg, det finst mange kloke oppvakte 16-åringar som sikkert kan mykje meir og er meir politisk engasjert enn meg. Men trådde meg, eg har vore med på to skoleval på ein skule med nesten 1000 elevar (første gongen som vidaregåande elev, andre gongen då eg gjekk første året på maritim teknisk fagskule), og viss dei tusen elevane kan setje ei slags statistikk veit vi kor landet ligg.

TEMA: Lokalvalet 2011

– Sit du som politikar og talar for ein sal full av vanleg ungdom bryr dei seg ikkje når du har eit sakleg og godt innlegg, men med ein gong det blir nemnt at plomberinga på mopedane skal bort og brennevinen skal få lågare aldersgrense går salen i taket. Kall meg gjerne galen, men livet er meir enn plomberingsfri moped og lettare tilgjengeleg brennevin. Difor meiner eg stemmeretten ikkje skal senkast, 16-åringar flest har rett og slett ikkje nok tyngde eller livserfaring eller livssyn til å vera med på å styra landet. Og ja, eg veit det berre er to år frå 16 til 18, men eg meiner det er i løpet av desse åra og fram til tidleg 20-årsalderen at personar forstår kva som viktig, og får ein betre oversikt over ting, blir meir engasjert og ikkje berre ser verda akkurat der og då.

Kva meiner du om kommunesamanslåing?
– For nokre kommunar kan kommunesamanslåing betyd undergangen. Eg meiner at Utsira har retten til livet som eigen kommune. Korleis skal Utsira oppretthalde dei tilboda og goda vi har her viss vi blir slått i saman med for eksempel Haugesund? For det første vil det jo forsvinne eit par arbeidsplassar i kommuneadministrasjonen, og budsjettet til Utsira vil jo forsvinne. Utsira vil jo då bli implementert i budsjettet til Haugesund kommune, Haugesund vil kanskje få eit noko større budsjett sidan kommunen blir større, men vil denne auken tilsvare det tapte budsjettet til Utsira, og vil dei pengane vera øyremerkt til Utsira?