Garborgsenteret klart for opningsveke
Med fullstappa festprogram i fem dagar til ende, blir Garborgsenteret opna 5. september.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter ei snikopning i sommar, blir Garborgsenteret i Bryne i Rogaland offisielt opna av kulturminister Anniken Huitfeldt onsdag 5. september. Dei neste dagane går det slag i slag med festprogram for å feire opninga. Publikum kan mellom anna gle seg til litterær lunsj med Brit Bildøen, stand-up-show med Rune Bjerga, Garborgseminar, eit løp i fotspora til Arne Garborg, bokprat og rollespel.
– No er alt klart og festen kan starte, seier dagleg leiar ved Garborgsenteret Inger Undheim med engasjement i stemma.
Ho er fornøgd med opningsprogrammet og kallar det godt og variert.
– I tillegg har vi allereie teke imot skuleklassar og sett at utstillinga blir godt teke imot, fortel Undheim.
Sjølve opningsdagen onsdag 5. september er det gratis inngang for publikum etter klokka. 12. Alle dagar vil kafeen på senteret, Garborgstova, by på ein spesiell Hulda-meny.
Garborgsenteret i Bryne tek sikte på å vere ein nasjonal formidlingsarena som skal fremje interessa for Arne og Hulda Garborg. Målet er at senteret skal inspirere til samfunnsengasjement, til å lese og skape, og samtidig vere ein sosial møtestad. (©NPK)
Les òg: Bli venn med Arne og Hulda