Fryktar forbod mot saftreklame

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit framlegg til nye føreskrifter frå Helse- og omsorgsdepartementetet tek sikte på å gjere det vanskelegare å reklamere for usunn mat og drikke retta mot barn. 7. juni sendte Helse- og omsorgsdepartementet ut eit høyringsnotat der dei foreslo å stramme inn dagens lovverk rundt marknadsføring av usunn mat og drikke. Fleire næringslivsaktørar uttalte seg negativt, blant anna saftprodusenten Lerum i Sogndal.

Kan få konsekvensar for sponsing
Målet er at føreskrifta skal ramme marknadsføringa av typisk usunne produkt, slik som Kinderegg, men framlegget vil også få konsekvensar for Lerum Fabrikker, som ikkje lenger vil kunne reklamere for safta si i samanheng med til dømes fotballturneringar for barn. 

Det kan få følgjer for det generasjonslange samarbeidet mellom hjørnesteinsbedrifta Lerum Fabrikker og tippeligaklubben i "saftbygda" Sogndal.

– Sogndal Fotball er flaggskipet i sponsinga vår. I avtalen med Sogndal Fotball inngår ei av Noregs største fotballturneringar for 11- til 14åringar. Me tolkar framlegget til ny føreskrift slik at me ikkje lenger vil ha høve til å sponse eller profilere saft på slike arrangement, skriv administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, i eit høyringssvar til Helse- og omsorgsdepartementet, ifølgje Sogn Avis

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane er no det største frukt- og bærfylket

Negative reaksjonar
Forslaget møtte motbør då det kom, NHO var kritiske, og fleire aktørar i næringslivet kritiserte det for å vere unødvendig og vidtrekkande. 

Frå Lerum Fabrikkar kom det reaksjonar på at safta deira, som berre har ein brøkdel av kaloriane som vert nemnde som grenseverdiar i framlegget frå departementet, også skulle verte ramma.

Lerum vil at føreskrifta ikkje berre skal ta omsyn til energiinnhald, men også næringsinnhald, og at Lerum ikkje kjem like dårlig ut då.

– Me meiner at det er viktig ikkje å fokusere einsidig på næringsinnhaldet, men vurdere innhaldet av heile produktet. Saft av frukt og bær inneheld både fiber, vitamin mineral og polyfenolar. Altså ei rekkje positive komponentar næringsmessig, skreiv Lerum Hjellhaug i høyringssvaret til departementet.

I saftbygda meiner dei konsekvensen vil kunne bli at dei ikkje lenger vil kunne reklamere for dei viktige saftprodukta sine i det heile tatt, fordi desse vert drikke av alle, ikkje berre barn og unge. 

Are Kalvø: – Det handla om fotball 

– Samarbeidet med Lerum er vesentleg
Leiar for Sogndal Fotball, Egil Mundal, kan ikkje få understreka nok kor viktig eit sponsorsamarbeid med Lerum Fabrikker er for den sportslege satsinga til klubben.

Trass i framlegget til ny reklameføreskrift, kjenner han seg trygg på at sponsorkoplinga og samarbeidet mellom dei to aktørane framleis kjem til å vere inntakt i tida som kjem:

– Sogndal og Lerum har vore tett korrelert gjennnom 30 år. Viss det blir nye føreskrifter må vi forholde oss til dei, men eg trur Lerum vil framleis vil kunne gjere merkevara si kjent, meiner Mundal, som held fram kor viktig det er med hjørnesteinsbedrifter som engasjerer seg i lokalkulturen:

– Dette samarbeidet har vore så sterkt i mange generasjonar at ordet "saftbygda" vert brukt like mykje som kommunenamnet Sogndal, legg han til.

– Sogndal omset for 15 millionar i året, men vi er likevel små i tippeligasamanheng. Lerum er vår nest tyngste sponsor, og det er vesentleg for Sogndal Fotball å halde fram samarbeidet, vektlegg Mundal.

LES OGSÅ: Ungdom i Sogn og Fjordane er mindre fysisk aktive enn unge andre stadar