– Framtidsbrille problem for personvernet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Problematiske framtidsbriller

Google-brillene og anna teknologi som me kler på oss i framtida er eit problem for personvernet. Det meiner 57 prosent av dei spurte studentane ved Noregs største studiestader, ifølgje ei undersøking for Coxit PR.

– Likevel meiner det store fleirtalet av dei same ungdomane i undersøkinga, nemleg heile 70 prosent, at Google Glas ikkje bør bli forbode trass i at du med dei nye brillene tek bilde berre ved å blunke med auget. Faktisk seier berre 1 av 6 at det vil vera rett med eit brilleforbod. Det er eit paradoks, men svaret er kanskje ikkje gjeve, då dette faktisk snur opp ned på korleis me forheld oss til personvern, seier Magnus Brøyn, byråleiar i Coxit PR.

LES OGSÅ: Gjev blaffen i overvaking på nett

– Ungdomen sjølv er førebudd på at teknologiutviklinga utfordrar personvernet, men dei oppfattar samstundes at teknologien likevel må få eit naudsynt handlingsrom. Det er på dette grunnlaget personverndebatten må takast, seier Brøyn, og utdjupar:

– Dei siste åra har me sett at fleire er vorte opptekne av personvern, blant anna ved å sjå på tryggleiksinnstillingane på Facebook. Framover vil me sjå heilt andre og meir omfattande personvernsutfordringar, noko ikkje minst framtidsbrilla frå Google på ein veldig enkel og tydeleg måte illustrerer. Ikkje berre tek du bilde berre ved å blunke med det eine auget, og du speler inn video ved å prata til brilla, men bilda og videoane blir òg publisert umiddelbart – rett frå brilla – ved at du eksempelvis seier “share to Youtube” eller “share to Facebook“. Det same gjeld andre sosiale medium som Google+ og Twitter, noko som gjer det lett å fanga og publisera informasjon – utan at han som er avbilda eller filma ein gong veit at det skjer. Difor er dette med på å snu opp ned på korleis vi forheld oss til personvern, seier Brøyn i ei pressemelding.

Er du redd for personvernet i framtida?

Faktaboks

• Ni av ti studentar er opptatt av personvern
• Seks av ti studentar er blitt meir uroa for personvern det siste året

Det viser ei undersøking blant 505 studentar ved UiO, BI, HiO og Campus Christiania, utført for Coxit PR.