Brått som eit filmtriks

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi elskar eit godt mysterium vi kan gruble på, jo meir innfløkt og spektakulært di betre, men sjølvsagt berre inntil programmet går mot slutten eller boka når dei siste sidene, og vi får løysinga lagt i fanget. Røynlege mysterium der løysinga krev ein valdsam arbeidsinnsats og kanskje likevel aldri blir funnen, som i saka med det forsvunne Malaysia Airlines-flyet, er gjerne for gruvsame til at ein overhovudet maktar ta dei innover seg.

Eg hugsar kor djupt inntrykk ulykka til Air France-flyginga 447 i Atlanterhavet i 2009 gjorde på meg. I det tilfellet tok det vel å merkje berre fem dagar før dei fyrste vrakdelane og lika vart henta opp frå havet, og all tvil om at det dreidde seg om ei katastrofalt daudbringande ulykke var dimed vaska vekk. Så brukte dei ytterlegare nesten to år på å lokalisere og få fatt i dei såkalla svarte boksane, som omsider gav informasjon om kva som eigentleg hadde skjedd den natta flyet styrta. Kven som helst kan lesa transkripsjonen av det siste av dialog i cockpiten, der ein panikk av ufattelege dimensjonar må ha herska idet dei tri pilotane, kaptein Dubois og kopilotar Robert og Bonin, innsåg kva som var i ferd med å hende. “Faen, vi kjem til å krasje,” seier Robert på fransk. “Dette kan ikkje skje!” “Men kva er det som skjer?” spør Bonin. “Ti gradars fall,” rekk Dubois å svara; eitt sekund seinare stoggar innspelinga fordi den valdsame samanstøyten med vassflata inntreff, med 228 dødsfall som resultat. To år seinare var det ikkje berre dei svarte boksane dei henta opp frå den stordelen av vraket som låg på nesten 4000 meters djup, men òg 104 lik. 74 menneske vart aldri funne.

Så har vi altså, under fem år seinare, fått eit nytt kasus som om mogleg tykkjest vera endå verre, på grunn av den totale uvissa om kva som har hendt. I skrivande stund er det to månader sidan det malaysiske flyet forsvann, og personleg synst eg enno det er den mest utrulege og ikkje minst uhyggelege nyheitssaka eg nokon gong har vore borti. For det skal liksom ikkje vera mogleg at noko så stort som eit Boeing 777-fly, fylt med 239 menneske, kan forsvinne sporlaust i ei verd så gjennomsyra av alskens teknologi vi alle har den største tillit til. Ikkje minst er vi jo vane med å tenkje på den moderne, globaliserte verda som ein ganske liten stad, der alle reiser hit og dit heile tida, og der det nordlegaste så vel som det sørlegaste, det høgste så vel som det lægste ytterpunktet for lengst er forsert. Men så viser det seg likevel at verda er enorm og uutgrunneleg, at vi framleis slett ikkje meistrar henne. Serleg skremmande er sjølvsagt tanken på alle dei bekmørke havdjupnene, som vi sant å seia kjenner dårlegare enn vi kjenner overflata på månen.

Eg var tilfeldigvis vaken og på internett den seine aftanen i mars, idet det aller fyrste av urovekkjande meldingar om Malaysia Airlines MH370 dukka opp i nettavisene, og eg brukte formidable mengder tid dei næraste vekene på å saumfare nettet igjen og igjen i påvente av ny og avgjerande ny informasjon om saka. Diverse “moglege gjennombrot” vart gong på gong annonserte, og nesten like snøgt avfeia som uriktige eller altfor optimistiske spekulasjonar. Men så lang tid har no gått, at jamvel denne sensasjonen har vorte mindre sensasjonell. Avisene har fått andre, meir akutte ting å skrive om, medan ei grannsam leiting etter nåla i høystakken framleis skurar og går i det sørlege Indiahavet, ein prosess som krev enorme menneskelege og økonomiske ressursar. 

“Brått som et filmtriks,” heiter det i eit nydeleg lite dikt av Jan Erik Vold. “Borte. / Ikke gått ut av huset, / ikke reist ut av landet. / Er ikke mer.” Så deprimerande enkel er i grunnen døden, den same døden som nesten utvilsamt har råka alle som var med det forsvunne flyet, sjølv om tomleiken etter dei døde naturlegvis blir ekstra trykkjande i tilfelle der døden kjem så fullstendig plutseleg og uventa og ikkje eingong etterlèt synlege spor. Kanskje kunne ein då la det bli med denne sannkjenninga, og spara mykje tid og store pengar ved å innstille leitinga? Vel, det var dette med eit godt mysterium. Heldigvis finst det nokre som ikkje nøyer seg med dei enkle gåtene i kriminalromanar og på fjernsynsskjermen, men som utrøytteleg forfylgjer dei verkelege mysteria i verda, ganske enkelt fordi menneske har ein enorm trong til å finne ut av det dei undrar på. Vi kan ikkje berre kapitulere og seia at dette er eit spørsmål som ikkje har svar, den slags defaitisme ligg ikkje i naturen vår. Når noko vi veit er ekte fortonar seg som så utruleg at det liknar eit filmtriks, blir trongen til å utforske dei sanne mekanismane attom det, berre ekstra sterk.    

Først publisert på Magasinett.