Avviser dyre valkampløfte

Kommunane får meir, men utgiftene kan auka meir.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avviser dyre valkamp- løfte

I dag blei revidert nasjonalbudsjett presentert av finansminister Sigbjørn Johnsen. Han åtvarar om veljarfrieri om til dømes store skattelette.

– Ein må ta omsyn til generasjonskontrakten. Difor er det slik, det å lova store skatteletter no, det er å skyva ei endå større skatterekning over til neste generasjon. Difor seier me nei til stor skattelette, slik andre tek til orde for, sa Johnsen på pressekonferansen.

Han fekk spørsmålet om ikkje folkeauken som har vore større enn rekna med, mellom anna på grunn av innvandring, vil gjera det lettare å takla eldrebølgja.

– No skal me laga oppaterte tal for generasjonsrekneskapen til neste år. Det er klart at det skjer endringar i begge endar. Det blir stadig fleire eldre. Men så aukar fødselstala. Det skapar behov for fleire barnehagar og skular, men det er klart at det er ein fordel med høge fødselstal, kommeterte Sigbjørn Johnsen.

Sjå NettTV frå presentasjonen til finansministeren!

Må kutta kostnader i kommunane
Kommunane er nøgde med at dei kan få ein høgare inntektsvekst i 2012 enn i 2011. Samstundes er det mykje som tilseier at utgiftene kan bli ein del høgare enn det Regjeringa reknar med.

– Ein inntektsvekst i 2012 på kring fire milliarder kroner er mykje pengar, og det ser ut som om det kan bli ei forbetring i forhold til det svært stramme opplegget per 2011. Det er me glade for. Det er likevel viktig å vera klar over utgifter som kjem av befolkningsutviklinga åleine utgjer ein stor del av dette, og at det fort kan bli høgare enn Regjeringa reknar med. Det er også usikkert kor stor auken i pensjonsutgiftene blir for kommunesektoren, seier nestleiar i KS, Bjørg Tysdal Moe til ks.no.

LES MEIR: Her har skattane auka

Mange forhold tilsier at utgiftene til kommunane vil auka langt meir. Talet på personar som mottar ressurskrevjande pleie- og omsorgstenester har auka sterkt over fleire år. Talet på born som treng ulike barnevernstiltak aukar òg, og det er også ein jamn sterk vekst i elevar som blir innvilga rett til spesialundervisning.

– Dette betyr at behovet for klare prioriteringar og kostnadskutt ikkje blir mindre i 2012. Opplegget korkje sentrale eller lokale politikarar grunn til å gje dyre løfte i kommunevalkampen, seier Tysdal Moe.

Vegvedlikehald
Regjeringa føreslår ei ramme for vekst i frie inntekter for fylka på 500-750 millionar kroner. Av desse er 400 millionar kroner tilrådd nytta til å styrkja vegvedlikehaldet på fylkesvegane, medan befolkningsutviklinga krev 200 millioner kroner ekstra.

– Den kraftige kostnadsveksten som har vore på vedlikehaldskontraktar, gjer at det er tvingande nødvendig å styrkja rammene til vegvedlikehald, berre for å vidareføra dagens nivå, seier Bjørg Tysdal Moe.

GÅ TIL TEMA-SIDENE VÅRE FOR SAMFUNNSØKONOMI!