«Ingenlund» er ikkje nye Harry Potter – universet står trygt på eigne bein
Det er berre å sei hei til Morrigan Kråkh og forfattar Jessica Townsend fyrst som sist. Du vil høyre mykje om Ingenlund-serien i framtida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kort tid etter lanseringa av Nevermoor: The Trials of Morrigan Crow, vart australske Jessica Townsend samanlikna med Harry Potter-skapar J.K Rowling. Det er ikkje utan grunn.
Filmgiganten 20th Century Fox har allereie sikra seg rettigheitene til alle dei varsla bøkene i serien.
I norsk språkdrakt har den første boka fått tittelen Ingenlund: Morrigans forbannelse. Her vert me kjend med Morrigan Kråkh, eit forbanna barn. Det er slik i landet der ho bur at nokre barn blir født med ein slik lagnad. Eit forbanna barn er dei som får skulda for alt uhell og ulykke som råkar dei rundt.
Dømt til å døy
Barn som er forbanna veit ein ting. Dei skal døy på sin eigen elleveårsdag. Like ved midnatt under det som skal bli det siste måltidet, blir Morrigan redda av ein merkeleg fyr som heiter Jupiter Nord. Han tek henne med seg til byen Ingenlund, der ho skal konkurrere i den årlege konkurransen om å bli medlem av «De vunderlige selskap» .
For å vinne konkurransen må Morrigan finne ut kva talent ho har og korleis ho kan bruke det til sin fordel.
Ei magisk slukebok
Universet er fylt opp av magi og underfundige ting. Universet er herleg absurd. Ein blir soge inn, og vil berre ha meir. Ein vil vere der, saman med Morrigan.
Magien er det ekstra krydderet som gjer det både morosamt og spanande. Du blir med på eit eventyr der mekaniske edderkoppar, snakkande kjempekattar, og merkverdige personar er like vanleg som at du går på badet og børstar tennene.
Neste Harry Potter?
Boka er sjarmerande, morosam og skummel. Ingenlund er garantert ei bok mange kjem til å lese. Det er ei familiebok som passar like godt til vaksne, som målgruppa på 9-12 år.
Bokserien har blitt samanlikna med Harry Potter med god grunn, men det er andre klassikarar det går an å samanlikne med. Jupiter Nord – den merkelege skruen som er ein sentral og viktig person for Morrigan er ein herleg og karakteristisk person som ein finn ein parallell til i Roald Dahl sitt univers. Då tenker eg på vår alles Willy Wonka.
Men boka er så bra at det er feil å samanlikne. Harry er Harry og Morrigan er Morrigan. Harry potter-universet er tidlaust og klassisk, medan Ingenlund har eit litt meir moderne, absurd univers.
Jessica Townsend har laga eit univers som bør få stå for seg sjølv. Berre les ho, så vil du forstå.
Det er berre å glede seg!
INGENLUND - MORRIGANS FORBANNELSE
- Originaltittel: Nevermoor: The Trials of Morrigan Crow
- Forfattar: Jessica Townsend
- Omsettar: Kirsti Vogt
- Målform: Bokmål
- Sidetal: 411
- Forlag: Vigmostad & Bjørke