Nevekamp i London!

«David og Victoria Beckham i nevekamp framfor kirka.»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tusenvis av journalistar var i London for å rapportere heim frå prinsebryllaupet. I tillegg var tusenvis av journalistar i London for å rapportere heim om at tusenvis av journalistar var i London for å rapportere heim frå prinsebryllaupet. Dessutan kom det ein heil del folk som ikkje var journalistar. Det seier seg sjølv at det blei ganske fullt og at ikkje alle kunne få like gode plassar.

Eg var sjølv i London for å rapportere heim, og eg ser i ettertid at eg ikkje var heilt heldig med plasseringa mi. Men eg gjorde likevel mitt beste for å finne ut kva som skjedde, og noterte fortløpande det eg fekk med meg.

Klokka 09.15 noterte eg for eksempel:

«David og Victoria Beckham i nevekamp framfor kirka.»

Dette er det ingen andre som har skrive eller sagt noko om, så dette skjedde sannsynligvis ikkje. I ettertid har eg studert omtalen av bryllaupet andre stader og funne ut at det som eigentlig skjedde klokka 09.15, var at gjestane begynte å ta plass i kirka. Dette fekk eg naturligvis ikkje med meg, sidan det stod ei dame med ein hatt forma som prins William rett framfor meg. Og framfor henne igjen stod ein journalist og intervjua dama med hatten. Og framfor journalisten stod ein annan journalist og rapporterte heim om at interessen for bryllaupet er så stor at journalistar står i kø for å intervjue damer med hattar forma som prins William. Framfor denne journalisten stod ein tredje journalist og twitra surt om at verdenspressa er meir opptatte av damer med dumme hattar enn av krig og svolt. Eg prøvde å følgje direkteoverføringa frå bryllaupet på den vesle skjermen på telefonen min, men bildet hakka. Dessutan var det umulig å høyre noko, fordi eg var omgitt av folk som snakka om damer med dumme hattar.

Så eg måtte basere meg på andre kilder.

Og det som skjedde var trulig dette: Framfor kirka stod ein kinesar og rapporterte at no har gjestane begynt å komme. Framfor kinesaren stod ein danske og rapporterte om at interessen for dette bryllaupet er så enorm at det pinadø står kinesarar framfor kirka og rapporterer. Ved sida av dansken rapporterte ein tyskar om at reporterar frå så ulike land som Danmark og Kina har tatt turen til London og at det har vore regelrett nevekamp om dei beste plassane framfor kirka. Eg fekk med meg dette med nevekamp framfor kirka, og ringde heim til nokre kompisar som såg bryllaupet på tv og spurde kva som hadde skjedd. Dei høyrde naturligvis ikkje kva eg sa i all støyen frå London, så dei spurde meg i staden tilbake om eg hadde sett David og Victoria Beckham. Eg misforstod og noterte «David og Victoria Beckham i nevekamp framfor kirka». Ikkje heilt presist, det ser eg no, men ikkje heilt feil heller.

Klokka 11.18 har eg notert: Hally har ein hatt.

Og det er jo berre merkelig.

Ifølgje programmet som eg har studert i ettertid, så var det som eigentlig skjedde på dette klokkeslettet at prins William kom til kyrkja saman med sin bror og forlovar Harry. Dette blei etter alt å dømme rapportert av den kinesiske reporteren rett framfor kirka. Rett ved den kinesiske reporteren stod ein engelsk tullekommentator som rapporterte for eit humorprogram. Han mora seg sikkert på kinesarens bekostning på ikkje særlig elegant vis og sa at kinesaren no sannsynligvis fortalde sjåarane sine at «plince Hally has allived». Ein litt tunghøyrt journalist ved sida av snappa nok opp dette og rapporterte opprømt at Hally is alive. Dette blei så trulig rapportert vidare av andre journalistar og fleire og fleire begynte å stille seg spørsmålet: Kven er denne Hally? Og kvifor er det så sensasjonelt at ho er i live? Debatten nådde til slutt oss som stod heilt bakerst. Dama med hatten forma som prins William hadde no fått jobb som reporter for ein nederlandsk tv-stasjon, og intervjua ein mann med hatt forma som Kate Middleton om hans syn på Hally. Mannen sa «I don’t know who Hally is, but I’m glad she’s alive and I hope she has a hat.»

Derfor, altså.

Etter dette gjekk eg til ein pub som viste alt på storskjerm. Eg kom fram akkurat i tide til å sjå dronning Sonja. Men ho har eg jo sett før.

Så kom ei dame med ein hatt forma som Westminster Abbey og sette seg rett framfor meg.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 30. april.