Flest vel humanistisk i aust
Medan konfirmasjonsklare sørlendingar og vestlendingar vel meir tradisjonelt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Flest vel humanistisk i aust
Det nærmar seg konfirmasjonstid, men ikkje alle vel kyrkjeleg konfirmasjon.
Av landets fjortenåringar kjem 15, 7 prosent til å konfirmere seg i regi av Human-Etisk Forbund (HEF). I år som i fjor toppar Vestfold statistikken, der heile 23,4 prosent av årskullet i fylket vil konfirmere seg humanistisk.
På Vestlandet er situasjonen derimot heilt annleis. På botnen av statistikken ligg Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane der høvesvis 8 og 6,7 prosent vel humanistisk konfirmasjon.
Totalt er det 10.113 unge som vel å konfirmere seg humanistisk, ein liten auke frå i fjor, ifølgje HEF.
Færre i sør og vest
Humanistisk konfirmasjon er mest popuIært i austlandsfylke som Oslo, Vestfold, Hedmark og Akershus, i tillegg til Sør-Trøndelag. Statistikken viser at i desse fylka er det er rundt ein av fem fjortenåringar som konfirmerer seg humanistisk.
På Sørlandet og Vestlandet er talet på humanistiske konfirmantar derimot halvert samanlikna med austlandsfylka. Berre rundt ein av ti vel Human-Etisk Forbund sitt konfirmasjonsopplegg i Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Pressesjef i HEF Jens Brun-Pedersen trur tradisjon og kristendomsrøter er noko av grunnen til at færre på Sørlandet og Vestlandet enn på Austlandet konfirmerer seg humanistisk.
– Den mest nærliggande grunnen er nok at kristendommen har større oppslutning i sør og i vest. I desse områda er også tradisjonen og kunnskapen om humanistisk konfirmasjon lågare enn i områda rundt Oslo, seier Brun-Pedersen.
Ikkje berre i bedehusland
Men det er ikkje berre i «bibelbeltet» at humanistisk konfirmasjon står svakare enn på Austlandet. I Finnmark er det òg berre ein av ti som vel humanistisk konfirmasjon.
– I Human-Etisk Forbund er vi eigentleg ikkje så opptekne av talet på konfirmantar, men at dei unge tek eit sjølvstendig val, seier Jens Brun Pedersen.
Han trur at vennegjeng og omgangskrins kan ha mykje å seie for konfirmasjonsvalet.
– Når ungdom skal ta val betyr det mykje kva andre venner gjer.
I år er det 60 år sidan den fyrste humanistiske konfirmasjonen i Noreg. Humanistisk konfirmasjon inneheld eit kurs i blant anna livssyn og etikk, som dei fleste stader går over fleire veker om vinteren og våren. Kurset blir avslutta med ein seremoni i mai.