– Bruk røysteretten din! Sei ifrå!

Røysterett for 16- og 17-åringar i Vågå under kommunevalet til hausten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bruk røyste- retten din! Sei ifrå!

I samband med kommunevalet til hausten har Komunal- og regionaldepartementet peika ut 20 kommunar rundt om i landet som skal få prøve ut røysterett for 16- og 17-åringar.

Vågå er einaste kommunen i Oppland som skal delta i denne utprøvinga. Målet  med dette er å engasjere ungdomen meir i utviklinga i sitt eige lokalsamfunn, og gjeva dei auka moglegheit til å påverke denne gjennom å gjeva dei høve til å røyste ved kommunevalet.

Som eit ledd i kunnskapsfokus omkring val og demokrati, men også for at fleire skal bry seg om si eiga og sambygdingane si framtid, inviterte Vågå kommune i samband med dette onsdag til ei samling for ungdomsskuleelevar i Vågå fødde i 1995 eller tidlegare, og alle frå Vågå som er elevar i den vidaregåande skulen.

Andre inviterte var mellom andre Fylkesmannen i Oppland, kontaktperson for Ungdommens fylkesting i Oppland, og dei politiske partia som stiller til val i Vågå.

Valansvarlege for dagen var Rune Øygard og Hilde Reitan, med god hjelp frå tre demokratiagentar frå Vågå – alle tre ungdom under 18 år.

Gjennom foredrag og workshop fekk ungdomane eit innblikk i kva som ventar dei i tida fram mot kommunevalet den 12. september. Programmet hadde fokus på demokrati, valet si historie, media si rolle i samfunnet, og litt samfunnsprat.

Vågå kommune har i år 90 ungdomar som anten fyller 16 eller 17 år, som difor kan røyste for fyrste gong.

Fleire av ungdomane Fjuken prata med under samlinga i løpet av onsdagen var svært engasjerte, og såg verkeleg fram til å få lov å røyste. Mange hadde sine hjartesaker, og meinte dei allereie visste kven dei skulle stemme på, medan andre var på meir nøytral grunn.

Dei aller fleste av ungdomane var einige i at politikarane i dei forskjellige partia får ei viktig og utfordrande oppgåve med å «sanke røyster» frå 16- og 17-åringane i Vågå i tida fram mot kommunevalet i haust.

– Bruk røysteretten din! Si ifrå!

Dette var oppmodinga frå fleire av foredragshaldarane onsdag, som ynskte 16- og 17-åringane lykke til i tida fram mot kommunevalet, og lykke til med sjølve valet.

LES SAKA I FJUKEN!