Har sett inn ekstra tiltak for at nordmenn skal få nok is
Den unormale sommarvarmen gjer at vi et is som aldri før. Isprodusentane har sett inn ekstra tiltak i sommar for å møte behovet til isglade nordmenn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Både Hennig-Olsen og Diplom-Is fortel om ein knallsesong, der dei har knust alle salsrekordar frå mai til juni. Berre hos Diplom-Is produserer dei om lag 1 million is kvar dag.
– Mai og juni har vore tidenes beste for Diplom-Is. Samla har vi hatt ein vekst på 26 prosent samanlikna med sommarmånadane i fjor. Vi forventar no å selje 300 millionar isporsjonar i året, seier Rita Kristin Broch, administrerande direktør i Diplom-Is.
Døgnproduksjon
For å fylle isdiskane rundt om i landet, har isprodusentane vore nøydde til å sette inn ekstra tiltak.
Både Hennig-Olsen og Diplom-Is har starta med ein 24 timars produksjon av iskrem.
– For å prøve å få ut nok is, har vi no gått inn i ein periode der vi produserer is heile døgnet, kvar dag, inkludert helga, seier John Kjellesvik, salsdirektør i Hennig-Olsen.
I tillegg til døgnkontinuerleg produksjon, har Diplom-Is hatt utkøyring av is til butikkane på to skift i sommar, slik at dei køyrer ut av lageret to gonger om dagen til heile landet
Startar førebuingane på vinteren
Begge isprodusentane seier dei allereie i vinteren gjer seg klare for å møte sommarens isbehov, men den unormale sommaren gjort at lagera til både Hennig-Olsen og Diplom-Is har blitt redusert raskare enn normalt.
– I fjor hadde vi det meste på lager, og produserte jamt med det som gjekk ut av butikken. Med denne uvanlege sommaren har salet vore større enn produksjonen, fortel Kjellesvik i Hennig-Olsen.
– Det er umogleg å ta atterhald om ein slik sommar der salet har eksplodert. Det gjer naturlegvis at varelageret tidvis på nokre enkelte varer har vore mindre enn på ein vanleg sommar, seier Broch i Diplom-Is.