No skal du få sleppa å stilla til val
– Demokratisk deltaking bør vere basert på engasjement og fri vilje.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I lova har alle no plikt til å stille til val dersom ein blir nominert, sjølv om ein ikkje ønskjer det. Reglane for å krevje fritak er strenge. Dette har ført til at fleire i realiteten må melde seg inn i eit anna politisk parti enn den lista ein er ført opp på, for å sleppe å stille til val. No ønskjer regjeringa ein generell fritaksregel.
– Det at nokon skal tvingast til å stå på ein valliste dei ikkje sympatiserer med, vil for mange opplevast som urimeleg og vere i strid med den einskilde si rettskjensle, seier Navarsete. – Vi ser at desse reglane har vore utnytta til å nominere kjende personar mot deira vilje for å få merksemd. Eg meiner slike episodar er uheldige både for dei involverte og for demokratiet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).
Regjeringa foreslår også at alle valurner skal forseglast og at listekandidatar ikkje kan ha oppgåver i vallokala. Dette er oppfølging av oppmodingar frå Organisasjonen for samarbeid og sikkerheit i Europa (OSSE) etter deira valobservasjon av stortingsvalet i 2009. Regjeringa ønskjer krav om forsegling av valurner på valdagen. I dag er det berre krav til forsegling ved transport og oppbevaring og ved førehandsrøystinga.
Regjeringa legg også fram forslag om å utelukke kandidatar som stiller til val frå å ha oppgåver i vallokala. Mange kommunar har brukt listekandidatar i valgjennomføringa tidligare.