Seier nei til 680 millionar

Kan tena 680 millionar kroner på samanslåing av kommunane i Ryfylke. Men folket seier nei.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein rapport frå Telemarksforsking, som blei lagt fram torsdag, viser at samfunnsutviklinga i Ryfylke kan få eit løft ved kommunesamanslåing.

Dersom ein slår saman effektar knytt til inndelingstilskot og auka konsesjonskraftinntekter, vil «Ryfylke kommune» få ein auke i inntektene på heile 68 millionar kroner kvart år i 10 år samanlikna med summen av inntektene som kommunane har i dag.

Rapporten seier også at samanslåing er langt betre for lokaldemokratiet enn interkommunalt samarbeid. Telemarksforsking meiner dessutan at ei kommunesamanslåing potensielt sett vil ha klare føremoner for folketalsutviklinga, i tillegg til at ein kan få frigjort økonomiske ressursar som kan nyttast til samfunns- og næringsutviklingstiltak.

Ei spørjeundersøking som høyrer med rapporten viser likevel at dei fleste innbyggjarane i Ryfylke ikkje ønskjer kommunesamanslåingar. I Strand og Finnøy ser folk mest positivt på å slå saman kommunar. Skepsisen til ei kommunesamanslåing er størst i dei mindre og indre kommunane i Ryfylke.

LES SAKA I STRANDBUEN!

Kva synst du om kommunesamanslåing? Er det nok å berre bruka gulrøter for å få større kommunar?