Noregs kjappaste julebord
Det gjekk fort i svingane då pendlarane gjennomførte sitt tradisjonsrike julebord på ferja mellom Mannheller og Fodnes.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I tradisjonsrike vestlandsomgjevnadar og i ein tradisjonsrik farkost, hang latteren laust og stemninga var høg då pendlarane på ny hadde julebord.
Hallvard Trohaug og Knut Atle Skjær står bak bordet og studerer juleslipsa sine, og høyrer på den vakre julemusikken frå dei spelande slipsa.
– Det var mykje godt i år, betre enn nokon gong, vart det sagt rundt flotte kafebord dekka til jul.
Overfarten mellom Mannheller og Fodnes tek ikkje meir enn tolv minutt og det gjeld å vera effektiv dersom ein skal rekkja å smaka på alle sortane.
– Me kan ikkje vera dårlegare enn at me stiller med eit fullt måltid, seier Anna S. Avdem.