Tips til alternative julegåver
Og høøøgt i toppen – ein sykkel....
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nokre julepresangar er meir kreative enn andre. Dei kreative oppfinnarane i det tyske elektronikkfirmaet Conrad har blant anna laga ein temmeleg spektakulær sykkellås, som kanskje også kan finna vegen under (eller oppover?) juletreet?
Framtiden i våre hender har spurt nordmenn kva dei ønskjer seg til jul. Fleirtalet ynskjer seg opplevingar – ikkje ting til jul. Berre ein av fire ynskjer seg harde eller mjuke pakkar.
38 prosent ynskjer seg opplevingar eller tenester
25 prosent ynskjer seg harde og mjuke pakker
5 prosent ynskjer gåver til frivillig organisasjonar.
31 prosent veit ikkje.
– Dette er gledelege signal frå det norske folket. Generelt gjeld at harde og mjuke pakker belastar miljø og klima klårt mest. Opplevingar og tenester, med unntak for transport, belastar miljø langt mindre enn varer, seier leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad.
Her er nokre forslag til grøne tenester og opplevingar å gje til jul:
– Middag på restaurant og/eller opphald på hotell
– Billettar til teater, fotballkamp, kino og konsertar
– Abonnement på ei avis eller eit tidsskrift
– Barnepass til småbarnsforeldre
– Månedskort til buss eller bane
– Togbilletter/ interrailbillettar
– Handverkshjelp – snekring, maling, PC og leksehjelp
– Gåvekort til helsetenester og til hår- og skjønnheitspleie
– Kurs og utdanning
Sjå forslag til andre alternative julegåver på Startsida.no!
Og her kan du sjå ein video til, for å koma i julestemning:
Har du nokre kreative tips til julepresangar? Del dei i kommentarfeltet!