Manchester United dannar endeleg kvinnelag
Kvinnefotballen opplever auka interesse. No har den siste toppklubben i engelsk fotball søkt om å starte kvinnelag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter førespurnad frå den engelske kvinnelandslagstrenaren og tidlegare United-stopparen, Phil Neville, har Manchester United har sendt inn søknad for å få etablere kvinnelag. Dei er den siste klubben i Premier League som gjer det.
Dei største klubbane i Premier League som Manchester City, Liverpool, Arsenal har kvinnelag i toppdivisjonen the FA Women’s Super League 1. Dei blei alle etablert ein gong på slutten av åtti- og tidleg nittitalet.
Kvinnefotball meir og meir populært
Kvinnefotball blir meir og meir populært i Storbritannia og i resten av verda. Frå 2014 til 2015 var det ei auke i det gjennomsnittlege tilskodartalet på 48 prosent i Storbritannia. Og etter at England tok bronse i VM i Canada i 2015 har interessa heldt fram. Dette førte til at landslagskampane blei flytta til Wembley i 2015, der herrane spelar landslagskampar. Tilskodartalet på FA-cupfinalen vart dobla frå rundt 15000 til 30000. Likevel slår det ikkje rekorden på tilskotertalet på Boxing Day i 1920. Det var Dick, Kerr Ladies mot St Helen’s Ladies og tilskodertalet var 53000. 14000 stod utanfor og ville inn!
Kanskje damefotballen kan bli like stor som han var på 20-talet?
Så populært at det blei forbode?
Under første verdskrig måtte mennene ut å krige, og kvinnene måtte ta over – også på fotballfronten. Allereie etablerte fotballag med kvinner som hadde treft kvarandre på fabrikkane der dei jobba, blir meir og meir populære. Dei spelte kampar for å samle inn pengar til humanitære formål. Interessa for kvinnefotballen hadde stor vekst og opplevd større tilskodartal enn herrekampane.
I 1921, då tilskodartalet var rekordhøgt, blei kvinnefotball forbode. Plutseleg vart det sett på som for uforsvarleg for kvinner å ta del i fysisk sport, og alle som eigde klubbar under fotballforbundet fekk beskjed om å forby kvinnefotballkampar.
Denne regelen vart ikkje oppheva av FA før i 1971.
Nytt divisjonssystem
Manchester United har i samarbeid med FA allereie utvikla eit relativt godt og suksessfullt rekrutteringsprogram for jenter som vil inn i fotballen.
FA har omstrukturert divisjonssystemet frå neste sesong. Med ei auke i interessa for kvinnefotballen har det vore nødvendig å forbetre strukturen i ligaen.
I sesongen 2017/18 blei kvinnefotballsesongen flytta frå sommar til vinter, slik at den går meir parallelt med herrefotballen og passar betre med landslagsarrangementa.
I 2018/19 blir den todelte førstedivisjonen endra til to divisjonar med utvida lagkapasitet. Women’s Super League 1 blir utvida til 14 lag i staden for 10, og skal berre heite FA Women’s Super League.
Det blir strengare krav om kor mange utanlandske spelarar eit lag kan ha og kva for tilbod dei har for oppfølging av helsetenester.
Alle laga skal i tillegg ha eit eige akademi.
Women’s Super League 2, blir blir då til andredivisjon og skal heite FA Women’s Championship. Det skal vere ein semiprofesjonell divisjon med 12 lag.
Manchester United sitt eventuelle kvinnelag har lagt in søknad om å få spele i FA Women’s Championship. Så får ein sjå om dei kan ta seg opp til FA Women’s Super League kjapt!