Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
20. januar neste år arrangerer Samlaget manuskriptseminar i Oslo. Er du glad i å skrive og vil vere med på dette seminaret, må du sende et manuskript på nynorsk på minimum 25 sider til forlaget innan 1. november i år.
Det du skriv kan vere for både barn og vaksne, og sjangrane det kan skrivast i er prosa og lyrikk.
Samlaget tilbyr konstruktiv og grundig vurdering av dei utvalde manuskripta. Forfattarane og hovudkonsulentane Brit Bildøen og Ragnar Hovland, forslagssjef Margit Walsø og redaktørane Finn Totland, Ragnfrid Trohaug, Øystein Vidnes og David Aasen står for vurderinga av manuskripta.
Viss du blir ein av dei Samlaget inviterer til å delta på seminaret på bakgrunn av ditt innsendte manuskript, vil du få reisetilskot.
Les meir om seminaret på forlaget sine eigne nettsider.