Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Film: En helt vanlig dag på jobben, 2010 Regi: Terje Rangnes Skodespelarar: Jan Gunnar Røise, Jon Øigarden, Ingar Helge Himle

Håvard Melnæs var journalist i Se og Hør i ni år fram til 2005, og to år seinare skildra han kvardagen i og metodane bak det glansa vekebladet. Boka, ”En helt vanlig dag på jobben,” fekk kritikarane til å jubla og sjefane i sladrebladet til å rasa. Melnæs viste at fordommane mange har mot bladet i stor grad stemmer. Om noko er sant eller ikkje betyr mindre, bare det gir eit godt førstesideoppslag. Og kjendisar kan betalast til å seia kva som helst.Då filmatiseringa kom, var i alle fall mine forventningar høge. Blei dei innfridd? Absolutt. Terje Rangnes har regissert ei medrivande og underhaldande forteljing om den unge og lovande journalisten som gjer kometkarriere i Se og Hør utan å bry seg så mykje om etikk og moral.

Dekninga av Mette-Marit Tjessem Høiby sin veg til giftarmål med kronprins Haakon og forholdet hennar til faren Sven O. hadde ein stor og viktig plass i boka, og får også det i filmen. Her må skodespelarprestasjonen til Ingar Helge Gimle trekkjast fram. Gimle maktar å framstilla Høiby på ein balansert måte, der ønsket hans om å gjera det beste for dottera kolliderer med mindre heldige val. Han blir aldri framstilt som ein patetisk figur, men heller ikkje som uskyldig offer.

Noko av styrken ved ”En helt vanlig dag på jobben” er at den ikkje bare blir ei framsyning og avsløring av kva som skjer i eit blad som Se og Hør. Me får samstundes sjå eit gripande portrett av Sven O. Høiby og utviklinga hans frå å vera tørst pensjonist til å bli betrakta av mange som Noregs største klovn. Samstundes gir den eit bilete av den heilt spesielle venskapen som utviklar seg mellom Melnæs og Høiby.

Alt i alt er dette ein godt balansert film mellom alvor og humor som tar opp viktige emne. Den kan sjåast som Håvard Melnæs sitt oppgjer med fortida si, men også som ein kommentar til vår tid, der kjendiseri er ein stor del av media, ikkje bare i Se og Hør.