Denne boka kan ein definera som ei slags lett-utgåve av ein lett versjon av Ringenes herre, og nei, det er ikkje ein flau trykkleif du nettopp oppdaga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først av alt, så vil eg presisera at sjølv om tittelen kanskje tilseier at dette er sjølve boka for hestegalne småjenter, så må du nok tru om igjen. Dette er ei fantasifull bok om Katriona Teresadotter, og om kva som skjer rundt henne der ho bur.

Denne boka kan ein definera som ei slags lett-utgåve av ein lett versjon av Ringenes herre, og nei, det er ikkje ein flau trykkleif du nettopp oppdaga.

Eiga verd

Skildringane er ikkje så rike og fargefulle, men det fører igjen til at dette er ei lettlest bok. Handlinga går føre seg i ei verd kalla Breda, der det er kvinner som styrer. Ungane i Breda lærer at menn ikkje får eiga jord fordi at i gamle dagar når menn styrte alt, så mista han respekten for naturen og tok kontroll over den sjølv. Då steig hava og gjorde verda uleveleg. Midt i ein av dei hardaste vintrane kom ei kvinne kalla Breda over ein grøn og frodig dal. Der lova ho at om folket får lov til å bu der skal jorda aldri lenger misbrukas, den skal aldri eigas, og kvinnene skal styre den.

Katriona

Hovudpersonen i boka er Katriona Teresadotter, ei jente på rundt 15 år. Heime på vertshuset til mora Teresa, Tess, kallar dei henne bare for Kat., ho har eit dyr inni seg som kjem fram når ho blir sint. Særleg når stefaren hennar, som ho i utgangspunktet ikkje har så godt forhold til, kjeftar på henne og er urettferdig så reiser dyret bust og kjefter tilbake.

Det heile ender i at Tess sender henne vekk, til ein stad der dei fargar tøy. Kat finn seg heller ikkje til rette der, slit med å bli venner med dei andre jentene, og ei natt det har vore mykje krangling røymer ho derifrå. Resten vil eg ikkje fortelja, for det står i denne boka og resten av bøkene i denne serien på tre bøker.

Sølvhestar

Boka byrjar med at det kjem ein sølvhest inn i tunet til vertshuset. Stefaren hennar kjeftar etter henne som vanleg for å få henne ut i stallen. Men i det Kat trør ut av vertshuset og ser hesten så gløymer ho stefaren som kjeftar og vert heilt oppslukt i denne nydelige hesten. Det er ein marehest, ei kryssing av ein hest og eit rovdyr kalla mare. Marene var frykta rovdyr som du fekk angst og vart lamma berre av å væra i nærleiken av. Desse fryktelege dyra vart kryssa med hestar, og ein fekk marehestar, eller sølvhestar.

Marehestane vart brukt av Bredinari-korpset, som var militærvesenet til Breda, ein enkelt ryttar kunne med hesten spreie panikk blant fleire ti-tals fiendar. Bredinarikorpset, som også vert kalla sølvrytterar, har ikkje lenger militær funksjon, men er grensevakter, og driv med postverksemd, sidan ein sølvhest spring ein halv gong så raskt som ein vanleg hest, og er like uthaldande.

Oppsummering

Denne boka kan anbefalas som lett underhaldning ein dag du ikkje føler for å måtte lesa alle kapittel to gonger for å forstå alt. Lettlest, men allikevel ikkje banalt enkel. Ein får lett medføling med Kat, og vert til tider like forbanna på stefaren hennar som ho er sjølv. Boka kan kanskje verka litt barnsleg, men er allikevel verdt timane.