Det er maktpåliggjande for meg å dokumentere desse tradisjonane no, før det plutseleg er for seint.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Julebridge, goro på låret og andre viktige tradisjonar
Tradisjonar er som kjent viktige i jula. Jula er i seg sjølv ein hundgamal tradisjon, men i tillegg har familiar gjerne sine eigne tradisjonar knytte til jula. Born elskar jo tradisjonar, alt skal vera det same kvart bidige år, og i heimens lune vrå kan desse tradisjonane utspela seg nærast uforstyrra frå år til år og sekel til sekel.
Men mange av oss relativt unge kjem frå såkalla brotne heimar, og har ikkje lege inntulla i det same tjukke ullteppet av tradisjon og tradisjonars tradisjon. Men! Vi kan feire jul vi òg, i høve til våre eigne høgst personlege tradisjonar. Her fylgjer eit lite blikk på dei tradisjonane eg sjølv har oppkonstruert i mitt tradisjonelt heller lommeruskaktige tilvære, og som i mange år har gjort dette med jul til ei uthaldeleg greie òg for meg. No som eg har fått born og liknande sjølv, er det ein fare for at desse eigenarta tradisjonane kan gå tapt, og bli erstatta av andre, meir ordinære tradisjonar. Det er difor ekstra maktpåliggjande for meg å dokumentere desse tradisjonane no, før det plutseleg er for seint.
Goro på låret. I den folkekjære julesongen «Jul berre ein gong fer året» av Hans Rotmo, er ordet «året» del av omkvedet, slik at mange andre liner må slutte med eit rim på akkurat dette ordet. Det fører til nokre utsøkte naudrim, og aller mest elegant og rørande er kanskje fylgjande vending: «Så e det kaffe, med goro på låret. / Det e jul berre ein gong fer året.» Det beste er at dette er ufatteleg sant: På julefestar der det er trongt om både bord og fat, er det ei kjent sak at ein kan måtte leggje goroa – den tørraste av alle tørre julekaker – på låret. Sjølv om eg ikkje blir invitert på julefestar av dette slaget lenger etter at eg flytte til byen, og sjølv om eg for så vidt har eit bord eg kan eta ifrå, må eg kvart år etterleva denne tradisjonen: Eg skaffar meg ei goro, og drikk kaffi medan eg balanserer henne på låret. Når ho dett i bakken er det ekstra stas, for då slepp eg å eta meir av henne.
Julebridge. Vi pasjonerte bridgespelarar finn alltid eit påskot for å spela bridge. Ein har nyttårsbridge, påskebridge, vårbridge, 1. mai-bridge, pinsebridge, sumarbridge, og så bortetter, men nest etter alle desse, er julebridgen ein av dei hyggelegare. Til dømes har vi ei veldig fin årleg juletevling her i Trondheim, som blir spela utanfor det offisielle bridgeforbundets regi, og som såleis kan vera svært «sosial» og «laus i snippen». Ho byrjar tidleg om ettermiddagen, baren er open allereie då, og så er det berre å sitja å klaske kort og drikke ein bayer eller to for kvar av dei 15–20 rundane, eller så lenge ein greier å sitja på stolen. Etterpå er det middag med taler og greier, alt veldig stilfullt, alt veldig soignert, før ein går ut på byen for å kaste bort endå fleire pengar ein kunne ha brukt på noko lunde respektable julegåver til familien.
Julegåvehandel vesle julaftan. Den såkalla dagen før dagen hugsar eg at det er på tide å kjøpe julegåver. Dette er det verste ved heile jula, for eg kjem aldri på noko å kjøpe til nokon som helst. Kva kan ein liksom gje til folk her i Noreg, som uansett har alt frå før? Eg har i denne samanhengen òg tradisjon for å dra ein gamal vits, som eg i ung alder lærde i eit Sleivdal IL-julehefte: «For meg er det viktigste ved julen gleden ved å gi. Jeg gir stort sett blaffen.» Ein annan tradisjon er at ingen eg fortel han til, tek seg bryet med å le av denne vitsen. Men om gåvene eg kjøper er halvhjarta og heller gebrekkelege, kan eg likevel seia som kjerringa på sjølve julekvelden: Det vart då jul i år òg.
Nyttårskortet. Når jula langt om lenge og lengre enn langt byrjar gå mot slutten, plar eg leite fram nyttårskortet som den no avlidne eksentrikar Arild sende til sin gode ven Helge, min avlidne far. Det er eit postkort med teikning av eit tradisjonelt norsk troll på framsida, førd i ei lite tiltalande handskrift. Eg les det med andakt og tremolo, medan eg grunnar over julas sjel og året eg no har lagt bak meg, kort sagt over meininga med livet.
«Du hadde ikke noe med å tute, da du så meg forleden kvelden. Jeg ville ikke snakke med deg. Du og andre nikkedukker har ikke tid til å gi meg støtte og tale min sak. Jeg skal saksøke min saksbehandler og andre i kommunen, disse er korrupte og maktsyke. Jeg nekter å flytte i alle tilfeller, da får de i så fall sende meg på gamlehjemmet.
Alt ondt ønskes deg og dine for det nye året, din hykler.
Hilsen
herr Stygg og tannløs.»