- Det er ikkje mykje vits å engasjere seg i politikken, meiner Ivan (19) frå Odessa. Han har funne sitt eige middel for å kjempe mot utfordringane i heimlandet og stimulere folk til ettertanke; russisk rock.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sein julikveld i Odessa. Kjempemygg svirrar rundt dei mange lettkledde innbyggarane som tuslar heimover medan mørket sig på. 19-årige Ivan Obradivitsj sit på ein slitt benk utanfor blokka si. Gitaren, dei mørke kleda og det lange håret gjer at han skil seg ut i mengda av ukrainarar. Ivan definerer seg som rockar, og seier at det er få slike der i byen.
Rock fremjar tanken
– Kva er det med rock som fascinerar deg?
– Den symboliserer motstand. Den får ein til å gjere opprør.
Musikaren snakkar lavt, med ei alvorleg stemme.
– Var ikkje rocken meir aktuell som eit motstandsmiddel før i tida?
– Under sovjettida protesterte rocken mot kommunismen. Mange meiner at sjangeren er blitt overflødig sidan vi har fått fridomen tilbake etter at sovjetsamveldet falt. Men no finst det jo andre problem i staden.
Ivan nemner som ei av utfordringane at dei fleste ungdommar i byen er lite reflekterte og helst gjer som alle andre. Han trur musikken dei lyttar til har mykje av skulda.
– Pop er utan meining, og gjer folk dumme. Rock er meir enn musikk, den har djupe tekstar og hjelper folk til å tenke. Det har eg sjølv erfart.
– Er det andre ting du gjer opprør mot?
Ivan kveiker ein sigarett og fortel om fleire problem i dagens Ukraina. Han nemner mellom anna korrupsjon og mangel på tiltakslyst. Det som han har gjort mest aktivt motstand mot hittil, er likevel militæret.
Kjøpt seg ut av militæret
– Så du har ikkje vore i militæret?
Guten frå Odessa smilar skeivt og ristar på hovudet.
– Militæret er verre enn å vere i fengsel. Hierarkiet der er veldig hardt. Dei nye blir gjerne slått, og det hender til og med at dei blir utnytta til å bygge hus for dei som har overkommandoen.
Ivan fortel at slike sære tilfelle i det siste har blitt kjent gjennom media, og er ikkje lengre hemmeleg.
– Ytringsfridom har vi iallfall, slår han fast.
– Korleis klarte du å sleppe unna verneplikta?
– Eg betalte 1000 dollar for å få eit dokument der det står at eg ikkje skal inn dit. Eg må berre delta i heimevernet viss det blir krig her, gliser Ivan.
Han fortel at denne forma for korrupsjon er svært vanleg.
– Alle veit at det går an. Og dei fleste gjer det.
Ei lovande framtid?
– På kva andre måtar meiner du at samfunnet er korrupt?
– Det er ikkje alltid ein får utbetalt løn får arbeidet ein gjer. Og blir ein utsett for kriminalitet, må ein betale politiet for at det skal vere til hjelp. Alt kostar.
Ivan trur at korrupsjonen gjer det vanskelegare generelt sett å ha tillit til andre menneske:
– Eg har lært å stole først og fremst på meg sjølv.
– Kva med alle dei unge som deltok i Oransjerevolusjonen – gjev dette deg von om ei betre framtid?
Ivan vert stille, og svarar til slutt: – Folk og fe vert tiltrukke av musikken
– Dei unge veit generelt sett lite om politikk, og fekk til dømes betalt for å demonstrere i Kiev. Og kva kan vel ein enkel ungdom som meg gjere viss dei som sit med makta ikkje er einige?, spør nittenåringen oppgjeven.
Ivan byrjar å spele og syngje. Først lavt og prøvande, så stadig sterkare. Gamle russiske rockesongar som har vore nytta som protestviser under kommunismen, rungar ut i mørkret. Ein laushund som blir jaga av nokre store bikkjer joggar nokre rundar rundt beina til den langhåra guten før den legg seg tillitsfullt ned framføre føtene hans.
Ein gammal mann kjem og set seg på benken, og lyttar med stor age. Det verkar som om gamle minner vert tente i han. Ivan syng om urettferdige herskarar, om mismot og om lengslar. Stemma blir meir og meir sikker, og tekstane meir og meir alvorlege. Dei svarte kleda gjer den unge guten nærmast usynleg. Men orda ber ut i kvelden, og skaper kanskje tankar og idear.
– Kanskje det er mogeleg for meg å endre noko gjennom rocken, seier Ivan smilande til slutt, og kveikar endå ein sigarett.
– Eg drøymer jo om å bli ein god musikar.