Harry Potter for ekspertar

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Quiz: Harry Potter for ekspertar
- Spørsmål 1 av 13
1.
Kva heiter systera til Fleur Delacour?
Korrekt! Den franske heksa Fleur Delacour er ei av Harry Potter sine argaste motstandarar i tretrollmannsturneringa i «Harry Potter og Ildberget». I den andre oppgåva klarar ikkje Fleur å redda veslesystera Gabrielle, men Harry Potter kjem til unnsetning. Fleur kjem på sisteplass i turneringa, men er mykje vennlegare innstilt enn det ho var til å byrje med. Fleur vert seinare gift med Rolf-Arthur «Rulle» Wiltersen, som er eldste broren til Ronny Wiltersen (Ron Weasley).
Feil! Den franske heksa Fleur Delacour er ei av Harry Potter sine argaste motstandarar i tretrollmannsturneringa i «Harry Potter og Ildberget». I den andre oppgåva klarar ikkje Fleur å redda veslesystera Gabrielle, men Harry Potter kjem til unnsetning. Fleur kjem på sisteplass i turneringa, men er mykje vennlegare innstilt enn det ho var til å byrje med. Fleur vert seinare gift med Rolf-Arthur «Rulle» Wiltersen, som er eldste broren til Ronny Wiltersen (Ron Weasley).
- Spørsmål 2 av 13
2.
Kva er det fulle namnet til J.K. Rowling?
Korrekt! Det er sjølvsagt Joanne Rowling, eller «Jo», som ho òg vert kalla. Å berre bruka initialane i lanseringa i Harry Potter-bøkene var diverre eit medvite grep for å marknadsføra bøkene mot gutar, som ikkje plar lesa bøker skrivne av kvinner. Ho la til ein ekstra initial for Kathleen som var namnet til bestemora.
Feil! Ho heiter «berre» Joanne Rowling, eller «Jo», som ho òg vert kalla. Å berre bruka initialane i lanseringa i Harry Potter-bøkene var diverre eit medvite grep for å marknadsføra bøkene mot gutar, som ikkje plar lesa bøker skrivne av kvinner. Ho la til ein ekstra initial for Kathleen som var namnet til bestemora.
- Spørsmål 3 av 13
3.
I kva for ei bok møter me Harry sin gudfar, Sirius Svaart, for fyrste gong?
Korrekt! Då veit du heilt sikkert òg at det er Sirius Svaart som er «fangen frå Azkaban», eit trollmannsfengsel som slett ikkje er til å spøke med.
Feil! Det er faktisk Sirius Svaart som er «fangen frå Azkaban», eit trollmannsfengsel som slett ikkje er til å spøke med.
- Spørsmål 4 av 13
4.
Kan du dei tre utilgivelege forbanningane?
Korrekt! Mordforbanninga gjer nettopp det du trur han gjer og er uoppretteleg, matyriusforbanninga påfører offeret ulideleg smerte og befaliusforbanninga gjev gjerningstrollmannen fullstendig kontroll over offeret. Ikkje veldig snilt med andre ord.
Der bomma du! Mordforbanninga gjer nettopp det du trur han gjer og er uoppretteleg, matyriusforbanninga påfører offeret ulideleg smerte og befaliusforbanninga gjev gjerningstrollmannen fullstendig kontroll over offeret. Ikkje veldig snilt med andre ord.
- Spørsmål 5 av 13
5.
… og kan du formlane?
Lett for deg! Men ikkje bruk «Avada Kadavra», «Befalio» eller «Martyrio» mot nokon. Du vil vel ikkje til Azkaban?
Feil! Det er noko du aldri bør få bruk for, men formlane er: «Avada Kadavra», «Befalio» eller «Martyrio».
- Spørsmål 6 av 13
6.
Kva for ein sport utmerkar Harry sin fetter, Dudleif Dumling, seg i?
Korrekt! Dudleif Dumling, som på engelsk heiter Dudley Dursley, er ei stor bølle som har mobba Harry Potter heile livet. Han finn sitt kall i boksinga (som han nyttar både i og utanfor ringen) og vert til og med skulemeister.
Feil! Dudleif Dumling, som på engelsk heiter Dudley Dursley, finn sitt kall i boksinga (som han nyttar både i og utanfor ringen) og vert til og med skulemeister.
- Spørsmål 7 av 13
7.
Kva er det Nilus Langballe si mor gir til sonen sin på sjukehuset i «Harry Potter og Føniksordenen»?
Det er rett. Historia om Alinda Langballe er slett ikkje lystig. Under Voldemort sitt terrorvelde var Alinda og mannen Frank svartspanarar, som gjorde motstand saman med føniksordenen. Dødsetaren Bellatrix DeMons torturerte dei til vannvidd med martyriusforbanninga slik at dei framleis er lagde inn på lukka avdeling. Alt Nilus får av mor si er tyggegummipapir.
Det er diverre feil. Alt Nilus får av mor si er tyggegummipapir. Under Voldemort sitt terrorvelde var Alinda og Frank Langballe svartspanarar, som gjorde motstand saman med føniksordenen. Dødsetaren Bellatrix DeMons torturerte dei til vannvidd med martyriusforbanninga slik at dei framleis er lagde inn på lukka avdeling.
- Spørsmål 8 av 13
8.
Kva jobbar Nilus Langballe som etter han er ferdig på Galtvort?
Riktig! Nilus fekk karakteren S (strålande) på sin U.G.L.E. (Undre Galdrelaugseksamen) i urtologi, så han har funne sitt kall.
Feil! Nilus fekk karakteren S (strålande) på sin U.G.L.E. (Undre Galdrelaugseksamen) i urtologi, så han har funne sitt kall.
- Spørsmål 9 av 13
9.
Kva er trollmannsskulen Galtvort sitt motto?
Riktig! Det latinske mottoet «Draco dormiens nunquam titillandus» betyr rett og slett «Kil aldri ein sovande drage», som er eit ganske godt råd.
Feil! Det latinske mottoet «Draco dormiens nunquam titillandus» betyr rett og slett «Kil aldri ein sovande drage», som er eit ganske godt råd.
- Spørsmål 10 av 13
10.
Kva lukter Hermine Grang av kjærleikseliksiren?
Woho! Elskovsdrikken Amorosia luktar ulikt for alle, men minnar dei om det dei likar best og gjer difor den ein støter på uimotståeleg. For Hermine er det nyslått gras, nytt pergament og tannkrem med mintsmak. På grunn av si kraft er drikken sjølvsagt ulovleg på Galtvort.
Feil! Elskovsdrikken Amorosia luktar ulikt for alle, men minnar dei om det dei likar best og gjer difor den ein støter på uimotståeleg. For Hermine er det nyslått gras, nytt pergament og tannkrem med mintsmak. På grunn av si kraft er drikken sjølvsagt ulovleg på Galtvort.
- Spørsmål 11 av 13
11.
Kvifor blei Voldemort vond?
Yeah! Det er trist, men sant: Eit barn som er unnfanga under påverking av av elskovsdrikk vert ikkje i stand til å elske. Mora til Tom Venster (som er Voldemort sitt fødenamn) gav far hans elskovsdrikk. Då ho slutta å gje han drikken forlot Tom Venster senior kona og sitt ufødde barn. Den fortvila Miseria Venster (opprinneleg Mørch) fødde sonen på ein barneheim og døydde kort tid etter.
Feil! Det er trist, men sant: Eit barn som er unnfanga under påverking av av elskovsdrikk vert ikkje i stand til å elske. Mora til Tom Venster (som er Voldemort sitt fødenamn) gav far hans elskovsdrikk. Då ho slutta å gje han drikken forlot Tom Venster senior kona og sitt ufødde barn. Den fortvila Miseria Venster (opprinneleg Mørch) fødde sonen på ein barneheim og døydde kort tid etter.
- Spørsmål 12 av 13
12.
Kva heiter sonen til Professor Lupus og Nymfadora Dult?
Korrekt! Vesle Teddy er kjærleiksbarnet til ein varulv og ei skikkeleg tøff heks.
Feil! Teddy er namnet på kjærleiksbarnet til varulven Professor Lupus og Nymfadora Dult.
- Spørsmål 13 av 13
13.
Kvifor blir det servert gammal, mygla mat i Nesten Hovudlause Nikks dødsdagselskap?
Korrekt! Gammal, mygla mat luktar så sterkt at spøkelsa kan kjenne litt av lukta.
Feil! Gammal, mygla mat luktar så sterkt at spøkelsa kan kjenne litt av lukta.