Skråblikk på nordmenn

– Nordmenn er som termosar. Kalde og harde på utsida, og varme og gode på innsida. Ein må berre finne ut korleis ein opnar flaska.

Framtida
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 22:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nordmenn er som termosar

Denne oppfatninga kjem frå franske Lorelou Desjardins, som har budd sju år i Noreg og prøvd å gjere det ho kan for å forstå nordmenn og norsk kultur. Nyleg kom ho ut med boka «En frosk i fjorden. Kunsten å bli norsk».

Lorelou Desjardins frå Marseille hadde inga førestilling om korleis nordmenn var. Men ho har reist mykje, tilpassa seg ulike kulturar, knekt mange sosiale kodar, lært nye språk. Ho har alltid vore fascinert av menneske og korleis ein skal kommunisere med dei og kome på same kulturelle nivå for å utforske likskapar og forskjellar.

Som 26-åring fekk ho jobb i Noreg og flytta hit. Ho oppdaga raskt at trass i historiske band og geografisk nærleik er Frankrike og Noreg to veldig ulike land. Her måtte ho tilpasse seg fleire kulturelle ulikskapar enn ho trudde var mogleg i eit anna europeisk land.

Fransk frosk vil leve i norsk fjord
– Eg har skrive om mitt norske eventyr som ein frosk i fjorden. Frosken er symbol på franskmenn fordi vi er kjent for å ete froskelår. Seinare lærte eg at ein fjord ikkje er ein naturleg stad for froskar. Akkurat som Noreg ikkje er mitt naturlege miljø. Boka handlar om korleis eg oppdaga alle forskjellane og reglane og prøvde å forstå og følgje dei for å bli integrert i Noreg, seier Desjardins.

Og ho har gjort mykje for å knekke den norske koden.

Ho har tatt norskkurs, vore på hyttetur, lært å gå på ski, feira 17. mai, gått på julebord, prøvd å finne kjærleiken og ha det koseleg. Ho har reist rundt, opplevd nordlys, hundekøyring, sjekking på byen, harrytur til Sverige og mykje anna. Ho har også fått med seg at vi elskar å gå på tur og å sitje i «solveggen» med ein «utepils».

Desjardins formidlar eigne erfaringar og observasjonar. Dette er det norske samfunnet sett gjennom hennar auge. Noko av det er sett på spissen – det vedgår ho – men ho vel å sjå verda gjennom humoristiske briller.

Gniten på vennskap
– Korleis er vi nordmenn?

– De er beskjedne, men blir inkluderande når ein blir kjend med dykk. Men då må ein først ha blitt del av eit fellesskap, til dømes eit kor eller ei foreining. Du får ikkje nye venner på kafé, fortel Lorelou. Ho er sjølv ei sosial dame, men har hatt vanskar med å kome inn i den private sfæren til nordmenn.

– I Noreg må ein møte eit menneske mange gonger før ein kan kalle vedkommande ein venn. Det er vanskeleg å byggje nettverk av venner når folk rundt deg seier at dei ikkje har tid til fleire. Men eg har mange venner no, altså – og til og med kjærast. Den norske flørtekulturen er uforståeleg, så på kjærleiksfronten sleit eg verkeleg, seier ho og ler. Hennar måte å få venner på var å invitere folk på middag og fest. Og så inviterte ho seg sjølv på besøk til folk.

– Eg har sagt til mange utlendingar at dei ikkje kan vente til isen smeltar, dei må knuse isen sjølv, seier Desjardins.

Held på fasaden
– Det er så mange dører å opne for å komme inn til det inste hos dykk. De er litt redde for å fornærme folk. Det fører til at de blir vanskeleg å tolke. Men eg vil at folk seier kva dei meiner. I byrjinga tenkte eg også at nordmenn var så like og ikkje vil skilje seg ut frå flokken. Etter kvart forstod eg at folk er meir nyanserte og gjer ting annleis heime enn ute. De kan gi inntrykk av at alt er perfekt, men viss du byrjar å grave forstår du at mange har det vanskeleg. Nordmenn er ikkje flinke til å vise kjensler, synest eg.

Glad i tradisjonar
Lorelou meiner også at vi er veldig tradisjonsbundne.

– Det er noko trygt i det, men også eit hinder for fornying. De likar å gjere det same opp att og opp att, får eg inntrykk av. Eg er ikkje slik. Eg likar nye ting og vere kreativ. Så enkelte gonger blir det litt «kræsj», innrømmer ho.

– De har reglar for alt mogleg rart, ikkje minst mat. Kvifor må eg ete vaflar berre med brunost eller rømme og syltetøy? Og kvifor må alle ha sin eigen drikke på fest, kvifor kan vi ikkje dele? Og kva er gale med sushi på julaftan?

Hjelp til å forstå
Lorelou Desjardins håpar boka hennar kan oppmuntre andre.

– Eg vil vise utlendingar at det mogleg å bli integrert, sjølv om vi føler oss dumme undervegs. Eg vil også vise nordmenn at dei har ein særeigen kultur, og at det kan ta tid å venne seg til han.

Så ver så snill, inviter oss på fest, på hyttetur og på middag. Hjelp oss å bli kjent med skikkane og familiane dykkar, for elles kjem ikkje utlendingar til å få oppleve det verkelege Noreg – som eg er blitt glad i, seier Desjardins.

– Det norske folket er like mangfaldig som landskapet og dialektane. Landet er blant dei vakraste eg har sett og det å bu her er blitt den mest interessante kulturelle reisa til no i livet mitt, seier Lorelou Desjardins.

Fransk i hjartet
Men ho er sikker på at ho aldri blir norsk.

– Når ein forlèt heimlandet sitt som vaksen, kan ein integrere seg og lære eit nytt språk, men ein kan aldri bli nokon annan enn den ein er. Vi er frå den staden vi er fødd og oppvaksen. Eg har ei historie, venner, eit nært forhold til morsmålet mitt, og djupe røter i Frankrike. Og det kjem aldri til å endre seg, uansett kor lenge eg blir i Noreg.