Lomheim slo eit slag for å elska
– Nåde dykk om de ikkje nyttar a-ending her på Vestlandet, seier språkprofessor Sylfest Lomheim.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka vart først publisert i Sunnhordland
– Eg skal ikkje sjikanera den slappe dansken, men fakta er at det er mindre klang i slike språk som dansk og bokmål enn i nynorsk, seier Sylfest Lomheim.
Torsdag inntok han auditoriet på Nordbygdo ungdomsskule på Stord til trampeklapp frå elevane på 10. trinnet.
Lomheim snakka varmt om det nynorske skriftspråket, medan bokmålet – og særleg bokmålsbrukarane på Austlandet – fekk hardare medfart.
– I Oslo er det ikkje alltid så mykje kunnskap og vit. Dei veit rett og slett ikkje kva dei snakkar om, sa Lomheim.
Heile 10.-trinnet på Nordbygdo ungdomsskule var samla for å høyra Sylfest Lomheim. Foto: Henrik Mundal Andreassen
– Hald på a-endinga
Han tok også til orde for å droppa e-endinga som mange nyttar, trass i at det er stikk i strid med dei lokale dialektane.
– Her på Stord skal ein elska og arbeida. Ein skal ikkje elske og arbeide. Viss ikkje de har fått beskjed av lærarane dykkar om å nytta a-ending, bør de ta dei i kragen, sa Lomheim.
Han viste til at også svenskane har a-ending i verba sine, medan bokmål og dansk har e-ending. Og, som Lomheim argumenterte for: Svensk er eit mykje større språk enn både bokmål og dansk.
– Nåde dykk om de ikkje nyttar den dominerande infinitiven i Norden, sa Lomheim.
Elias Alvsvåg fekk signert skriveblokk av Sylfest Lomheim. Foto: Henrik Mundal Andreassen
– Nøkkelen til alt
I tillegg til å snakka varmt om nynorsk, gjorde professoren det klinkande klart kva som må til for å bli ein god språkbrukar.
– Lær dykk fleire språk, oppmoda Lomheim, og argumenterte for at god språkforståing er nøkkelen til alt her i verda.
– Ikkje stopp med norsk og engelsk. Lær dykk eit tredje språk. Då stig marknadsverdien dykkar med ein gong, sa Lomheim.
LES OGSÅ: Kjøkkenspråket som forsvann