Eitt av ti norske barn lever i fattigdom
Delen fattige barn er tredobla sidan 2001.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er no over 98.000 barn som veks opp i relativ fattigdom i Noreg. Det svarar til 10 prosent av alle barn. Delen har tredobla seg sidan 2001, og denne utviklinga er vi bekymra for, seier direktør Mari Trommald i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Direktoratet la fram Oppvekstrapporten for 2017 torsdag, og på nettstaden barnefattigdom.no publiserte dei statistikk for alle kommunar og bydelane i dei største byane.
Føreslår gratis SFO og skulemat
Økonomiprofessor Kalle Moene seier til NRK Nyheitsmorgon at fattigdom i barnefamiliar ofte skuldast at ein må klare seg på berre éi inntekt. Innvandrarar er overrepresenterte i statistikken.
– Mange innvandrarfamiliar har berre éi inntekt, og difor har dei eit stort innslag av fattigdom, seier Moene.
Han meiner den viktigaste politikken for å redusera fattigdom ikkje er målretta tiltak som kan verka stigmatiserande, men generelle velferdsordningar som skapar gode vilkår for alle.
– Gratis SFO og gratis mat i skulen, som kan vera gode tiltak av fleire grunnar, vil også hjelpa til å få færre fattige.
LES OGSÅ: Barn i fattige familiar mistrivst oftare i skulen, viser ny studie
Store forskjellar
Oversikta viser også at barnefattigdommen i Norge er høgare i dei største byane enn landsgjennomsnittet. På fylkesnivå har Oslo og Hedmark flest barn i fattige familiar.
Blant storbyane er det Drammen som har høgast barnefattigdom. Her veks 17,7 prosent av barna opp i låginntektsfamiliar. Oslo kjem på andreplass. Der lever 17,5 prosent av barna i familiar med låg inntekt.
Blant kommunane er det Fosnes i Namdalen i Nord-Trøndelag, med sine snautt 700 innbyggjarar, som kjem dårlegast ut. I 2015 var delen barn i familiar med låg inntekt over ein treårsperiode heile 30,2 prosent i denne kommunen.
– Med så store interne forskjellar i fylka og i dei største byane, er det viktig at kommunane skaffar seg ein oversikt over dei lokale barnefattigdomsforholda, seier Trommald. Med denne rapporten håper ho at kommunane får hjelp til å sette i gang dei riktige tiltaka i lokalområda.