Filmvåren melder seg
Rekordmange norske filmar er i vente denne filmvåren. Her får du oversikt over dei 17 filmane som har premiere fram til sommaren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ikkje før norsk filmbransje har slått seg på brystet og erklært 2016 som det beste året for norsk film i historia, så er det på'n igjen.
Nå kan norske kinogjengarar gå og sjå norsk film nærmast kvar veke.
Og det kjem filmar frå heile spekteret – frå den ultimate fanfilmen om Marcus og Martinus, som er første norske filmpremiere ut, via skrekk, historisk politisk drama frå norsk 60-tal til koselege familie- og teiknefilmar.
Og naturlegvis ikkje ein filmvår utan ein film med Anders Baasmo Christiansen – som denne gangen blir å sjå med øks i ei familie- og arvekonflikt.
«Marcus & Martinus – Sammen om drømmen»
Premiere 20. januar
Dokumentar om tvillingbrørne som er villig til å ofre alt for kvarandre og musikken, og fanpublikummet får følgje dei på avgjerande augneblink i reisa mot stjernene. Allereie er det selt 20.000 billettar.
Regissør: Daniel Fahre
Kari Bremnes som journalist i «Kings Bay» Foto: SF Norge
«Kings Bay»
Premiere 27. januar
Kari Bremnes spelar journalisten som kjem på sporet av sanninga om gruveulukka i Kings Bay på Svalbard i 1962, men sterke krefter prøver å stoppe henne i denne thrilleren.
Regissør: Stig Svendsen
«The Rules for Everything»
Premiere 27. januar
Enkel dramakomedie om dei vanskelege spørsmåla i livet, når Storm (10) må lage reglar for at verda ikkje skal falle frå kvarandre når faren forsvinn og mora lagar sjølvhjelpsvideoar.
Regissør: Kim Hiorthøy
«Trio – Jakten på Olavsskrinet». Foto: NordicStories AS / Nordisk Film Distribusjon
«Trio – Jakten på Olavsskrinet»
Premiere 17. februar
Vennegjengen Trio, kjent frå NRK-seriane, tar turen til filmlerretet med ei spektakulær skattejakt etter det segnomspunne Olavsskrinet, ein film for heile familien.
Regissør: Eva Dahr
«Det norske hus»
Premiere 17. februar
Godhjarta politisk satire/komedie, som tar til når ressurssterke Ramin kjem syklande over norskegrensa og finn vegen til Akademiet for å lære å bli norsk.
Regissør: Jan Vardøen
«Hjartestart», foto: David Katznelson
«Hjartestart»
Premiere 24. februar
Offshorearbeideren Kjetil, spelt av Kristoffer Joner, blir enkemann og legg ut på reise til fødelandet til den seks år gamle adoptivsønnen, Columbia – ei reise som forandrar dei begge for alltid.
Regissør: Arild Andresen
«Karenina and I»
Premiere 24. februar
Med Liam Neeson som forteljarstemme følgjer ein Gørild Mauseth når ho skal spele «Anna Karenina» på russisk, og når ho forsvinn inn i karakteren på ei indre reise.
Regissør: Tommaso Mottola
«Tungeskjærerne»
Premiere 24. februar
Ny dokumentar frå Solveig Melkeraaen, denne gongen om ungane i Vesterålen som følgjer tradisjonen med å jobbe som torsketungeskjærarar, sett gjennom byjenta Ylvas auge.
Regissør: Solveig Melkeraaen
«Barndom»
Premiere 3. mars
Margreth Olin tar for seg barndommen og kor mykje leik og fantasi betyr, i det som blir skildra som ein heilaftans kinofilm om barn i dokumentarform.
Regissør: Margreth Olin
«Karsten og Petra – Ut på tur» har premiere 10. mars. Foto: Márton Miklauzic
«Karsten og Petra – Ut på tur»
Premiere 10. mars
No får norske barn møte dei to nye skodespelarane som gestaltar dei velkjente Karsten og Petra-karakterane, som skal på fjelltur med familiane sine.
Regissør: Arne Lindtner Næss
«Oskars Amerika»
Premiere: 24. mars
Om 10 år gamle Oskar, som må ha sommaren hos den gretne bestefaren når mora reiser, men finn selskap i Levi, som bur i skogen med ein nærsynt hest. Saman planlegg dei å ro til Amerika for å finne mor til Oskar i denne familiefilmen.
Regissør: Torfinn Iversen
«Hoggaren», foto: Dan Laustsen
«Hoggaren»
Premiere: 31. mars
Ikkje eit kinoår utan ein Anders Baasmo Christiansen-film, og i dette dramaet spelar han Anders – som etter 20 år i Oslo vender tilbake til Rukkedalen og fordriv dagane med å hogge tre i skogen sin, men kjem i konflikt med slekta.
Regissør: Jorunn Myklebust Syversen
«Gråtass reddar garden»
Premiere 7. april
Ny familiefilm i Gråtass-universet, der Goggens vesle gard står i fare for å bli slukt av motorvegplanane til kommunen. Og då trer Gråtass og Gustav til for å redde den.
Regissør: Peder Hamdahl Næss
«Prebz & Dennis – The Movie», Foto: Nils J. Nesse
«Prebz & Dennis – The Movie»
Premiere 7. april
YouTube-stjernene Prebz og Dennis forflytter seg over til kinolerretet, i historia om når Preben prøver å komme i form til fjelltopptur, mens Dennis får kjærast og prøver å ta lappen – på same tid som det blir lovt «vogging, pranks, skjult kamera og alt vi kjenner frå Norges mest populære YouTube-kanal».
Regissør: Kaspar Synnevåg
«Fluefangeren»
Premiere 21. april
Drama, spelt inn i Makedonia, om ein lærer som mister jobben når et nytt politisk parti tar makta. Dermed låser han elevane sine inne i klasserommet for å løyse ei livslang etnisk konflikt – og bevise sin verdi for skuleleiinga.
Regissør: Izer Aliu
«Lyst»
Premiere 21. april
Skrekk/thrillerfilm om krimforfattaren Lisa, som skriv dryge bøker, men som etter eit overgrep låser seg inne i leilegheita sin – der det lèt til at nokon filmar henne. Kva er fantasi og kva er verkelegheit, heiter det om filmen.
Regissør: Severin Eskeland
«Richard Storken», foto: Euforia Film AS
«Richard Storken»
Premiere 5. mai
Familie/animasjonsfilm, der eit norsk produksjonsselskap er med på samarbeidet, og kor norske stemmer som Haddy Njie, Bjarte Hjelmeland og heile familien Oftebro er å høyre – i historia om sporven Richard som veks opp i ein storkefamilie.
Regissør: Toby Genkel og Reza Memari.