Norske elevar klatrar på PISA-rangeringa

Norske 15-åringar gjer det klart betre i naturfag, matematikk og lesing enn for tre år sidan, syner årets PISA-rangering.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske elevar klatrar på PISA

Noreg ligg no over OECD-snittet i alle tre disiplinar, ifølgje den internasjonale kartlegginga.

Det er ein framgang sidan førre test i 2012, då Noreg låg under snittet både i matte og naturfag.

På tre år har norske 15-åringar hatt ein framgang på tre poeng i naturfag, fem poeng i lesing og eitt poeng i matematikk. 24 land ligg over OECD-snittet i alle tre disiplinar, og Noreg er akkurat inne i denne gruppa med 24.-plassen, framfor land som Sverige, USA, Frankrike, Russland og Spania.

Singapore, Japan, Estland, Kinesisk Tapei (Taiwan) og Finland toppar rangeringa, som testar 15-åringar i 72 land og område. Noreg er tredje beste land i Norden etter Finland (5.-plass) og Danmark (21.-plass).

Faktaboks

Fakta om PISA

Programme for International Student Assessment (PISA) er eit internasjonalt prosjekt i regi av OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling).

Målet er å kartleggje 15-åringars ferdigheiter i lesing, matematikk, naturfag og frå 2012 også problemløysing.

PISA kartlegg også elevanes læringsstrategiar, motivasjon og sjølvoppfatting. Elevane svarer også på korleis dei oppfattar forhold ved skulen, som arbeidsmiljøet i klassen.

Undersøkinga vert gjennomført kvart tredje år. Første gong var i 2000. Noreg har delteke sidan starten.

Resultata frå årets undersøking vart lagt fram tysdag. (©NPK)