Norske 5.-klassingar best i Norden i matematikk

Norske 5.-klassingar er best i Norden på matematikk, viser elevundersøkinga TIMMS som blei presentert tysdag.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske elevar best i Norden i matte

Undersøkinga som blei gjennomført i 2015, viser at norske elevar på ungdomstrinnet gjer det middels godt både i matematikk og naturfag.

– Dette viser at mykje går bra i norsk skule. Norske lærarar gjer ein jobb vi kan vere stolte av, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Til saman 57 land deltek i dei internasjonale undersøkingane TIMSS og TIMSS Advance. Testane blir gjennomført kvart fjerde år og måler kompetansen til elevane i matematikk og naturfag på 4., 5., 8., 9. trinn og 3. året på vidaregåande, i tillegg til fleire andre tema.

I Noreg har 140 skular med barnetrinn og 144 skular med ungdomstrinn delteke i undersøkinga.

Men dette er ikkje dei einaste skuletestane som blir lagt fram no på tampen av året. 6. desember følgjer den omstridde PISA-kartlegginga, som måler grunnleggjande ferdigheiter i lesing, matematikk og naturfag blant 15-åringane i 72 land. I år har testen lagt særleg vekt på naturfag.

Innimellom dette kjem resultata frå nasjonale prøver for 5. trinn i lesing, rekning og engelsk 1. desember. Nasjonale prøver for 8. og 9. trinn er allereie lagt fram, og viste inga endring i det nasjonale snittet samanlikna med i fjor. (©NPK)

LES OGSÅ: Tidlegare undersøkingar har vist at norske unge har betre haldningar enn kunnskapar i matematikk