Skumle klovnar øydelegg for sjukehusklovnane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den auka klovneskrekken har råka Sjukehusklovnene hardt. Organisasjonen opplever svikt i billettsalet til jubileumsframsyninga si og kjem truleg til å avlyse ein parade i Oslo.

Sjukehusklovnene ønskjer å spreie glede og tryggleik blant barn på norske sjukehus, men opplever at klovnar har fått dårleg rykte som følgje av dei mange observasjonane av skremmande klovnar, ifølgje Aftenposten.

15-årsjubileet til organisasjonen blir feira blant anna med ei eiga teateroppsetting.

– Billettsalet gjekk bra i byrjinga, men så stoppa det opp. Foreldre er engstelege for at barna skal bli redde for klovnane i framsyninga, seier Kristin Zachariassen, som er dagleg leiar og presseansvarleg for Sjukehusklovnene.

I samband med teaterpremieren fredag skulle dei 30 profesjonelle sjukehusklovnane gå i ein parade frå Oslo sentrum til Rikshospitalet.

– Vi kjem til å avlyse paraden viss vi ikkje klarer å finne ein måte å snu dette til noko positivt, seier ho. (©NPK)