Kva hadde skjedd om Julie var på Tinder?

Kjersti Dalseide og Axel Gehrken Bøyum meiner dialogen mellom Romeo og Julie har fellestrekk med Tinder-flørten.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No gifta dei seg, men det er ikkje sikkert Romeo og Julie hadde levd lykkeleg saman og fått barn. Det handlar om den intense forelskinga, som kan forvekslast med kjærleiken, seier Kjersti Dalseide.

Sidan mars har 30-åringen stått på scena som Julie, eine halvparten av verdas mest forelska par. Eit symbol på sjølve kjærleiken. William Shakespeare (1564-1616) si tragedie om eit ungt par som ikkje får kvarandre før i døden.

Med seg på scena har ho Axel Gehrken Bøyum, som ikkje hadde eit særleg nært forhold til stoffet på førehand.

– Eg hadde berre sett den Leonardo DiCaprio-filmen. Eller, eg hadde sett litt av han. Eg hadde berre høyrt om Romeo og Julie, men var ikkje heilt innforstått med handlinga, fortel 21-åringen når Framtida.no møter dei i foajeen på Det Norske Teatret.

Utanforskap
– Herregud! Det var sjukt bra! Julie og Romeo var sinnssjukt flinke!

Nokre dagar før intervjuet er to jenter på veg ut frå Scene 2. Dei boblar over av entusiasme, medan ein gut seier til kameratane sine at dette er det keisamste han har vore med på.

Det er låg gjennomsnittsalder og fleire skuleklassar i salen på Det Norske Teatret. Den moderne Shakespeare-tolkinga av regissør Maren E. Bjørseth var i sommar nominert til Heddaprisen for beste barne/ungdomsførestilling og beste regi. 

Bjørseth fortel at ho ikkje har vore oppteken av å laga ei ungdomsførestilling, men å gjera karakterane nære og forståelege for publikum. Hennar første møte med karakterane var då ho som 14-åring såg Leonardo DiCaprio og Claire Danes på Trøndelag kino. Forelskinga, romantikken og kjensla av at ingen forstår ein, var noko ho kunne relatere til.

Ho trur mange kan kjenna seg att i utanforskapen til Romeo og Julie, den hekseaktige mora, vener som gjev dårlege råd og den ekstreme kompisen som ikkje er redd for noko.

– Eg trur det viktigaste er at ein må sjå noko i det som er aktuelt for seg sjølv i dag. Finn ein det, så kan materialet vere så gamalt, nytt, eller absurd det berre vil.

Fru Capulet (Ingunn Beate Øyen) vil gifta bort dottera Julie (Kjersti Dalseide). Foto: Gisle Bjørneby, DNT

Tvangsekteskap
– Me har snakka mykje om ung kjærleik og kor kompromisslaus den er. Og det er han framleis i dag, seier Kjersti.

Ho trur likevel at historia kunne enda annleis om den unge jenta frå Verona hadde tenkt seg om ein gong til og fått betre råd frå omgivnadane.

Og sjølv om dei fleste norske ungdommar ikkje kan kjenne seg att i feiden mellom familiane Montague og Capulet, trur ho ung kjærleik i Noreg kan kjennest like dødsalvorleg.

– Det kan nok følast like voldsamt, men me har berre ikkje dei same omstendigheitene rundt oss. Kanskje nokon har det. Det med tvangsekteskap er jo framleis veldig aktuelt i mange land.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita (16) frå tvangsekteskap

Konfettifest
– Sjølv om dei er veldig romantiske, så er det gøy å lesa og forstå at det var nokre liknande tankar tilbake på den tida, seier motspelar Axel, som trur at noko av grunnen til at dei treff ungdommane er at skodespelarane sjølv er unge.

I tillegg trekk han fram den moderne sceneutforminga. På scena er det nemleg ikkje romanske bogar og steinimitasjonar, men ein dynamisk plankeinstallasjon, konfetti og ballongar.

I Bjørseth sin versjon av den klassiske tragedien dansar skodespelarane til franske Stromae, og Mercutio syng «Stay» av Rihanna.

  Men kvifor skal me bry oss om denne historia i dag, regissør Maren Bjørseth?

– Eg meiner historia fortel mykje om det å ikkje passa inn i samfunnet. Å ikkje føle at ein har nokon å snakka med. Dei går til ekstreme handlingar for ein slags idealisme. Eg trur ikkje det handlar om den store kjærleiken, men ein ekstrem forelsking og facsinasjon når ein finn nokon som forstår ein, svarar regissøren.

Romeo (Axel Gehrken Bøyum) klatrar opp til Julie (Kjersti Dalseide). Foto: Gisle Bjørneby, DNT

Hoems ord
For Kjersti Dalseide var språket noko av det som gjorde at materialet kjentest framand før ho sette i gong å jobba med det. Ho meiner det er lett kan bli klisjeaktig.

– Heilt i starten var det ein del ting eg tenkte at: «Å, herregud, skal eg seie dette?» Som; «Å, Romeo, Romeo! Kvifor er du Romeo?», «Min største fiende, han elskar eg», eller det å snakka om Gud på den måten. Ein må gjere det til sitt eige.

Bjørseth meiner Edvard Hoem si gjendikting frå 1985 er så god at ho tåler mange fleire oppsettingar. Saman med skodespelarane har ho jobba mykje for å gjere Shakespeare sine tekstar frå seint 1500-tal forståeleg for både dei sjølv og publikum.

Julie sin beskytta oppvekst vitnar om tida stykket er skrive i, men trass i dette meiner Kjersti at ho er ein sterk karakter.

– Eg opplever at Julie vågar å ta mange val og eg tykkjer ho er ei sterk dame. Før tenkte eg på henne som ein florlett type, men utifrå teksten er ho smart, klok og står for det ho meiner. Shakespeare har skrive ei ung jente med bein i nasen, som har kloke tankar om ting og prøver å gjere det beste for seg sjølv.

LES OGSÅ: – Arrangert ekteskap er ofte som nettdating

Tinder-flørt
– Me er jo alle opptekne av kjærleik. Sjå berre på Tinder. Det handlar om å få seg kjærast. Det er jo ei biologisk greie, som han skriv om på ein veldig poetisk måte, seier Kjersti, som får støtte av motspelaren i at Shakespeare går an i dag.

– Men kan folk i den overflatiske Tinder-generasjonen kjenna seg att i ei slik kjærleikshistorie?

– På Tinder kjem folk med sjekkereplikkar. Ein har den måten å snakka på, sjølv om det kanskje er meir tullete, seier Axel.

Han får støtte av motspelar Kjersti. Ho fortel at både Romeo og Julie har ein viss måte å presentere seg for kvarandre gjennom språket.

– Dei møtes i flørten, akkurat som på Tinder. Dei har ein felles sjargong og tenkjer at “han var morosam å skrive med”. Men eg lurer på om det er litt vanskelegare å binde seg og gå fullt inn for det no, kanskje fordi det heile tida er noko anna rundt neste sving, seier Kjersti.

– Den første kjerleiken trur eg framleis er slik at ein vågar å hoppa rett i det, seier Kjersti.

LES OGSÅ: Krig og kjærleik på Det norske Teatret

LES OGSÅ: Frank Kjosås i totalitært kvinneunivers

OBS Spoiler: Det ender ikkje godt for Romeo og Julie. Foto: Gisle Bjørneby, DNT