Ein flyktning følgjer dei andre sitt spor
Som sjuåring kom Amell Basic (30) til Noreg som bosnisk kvoteflyktning. Å stå på scena som båtflyktning, er noko heilt anna.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Trur dei me er holebuarar?
– Eg føler ikkje eg kan vere «posterboy» for dette, for det er så mykje større enn meg. Men på den andre sida, om det hjelper…, seier skodespelar Amell Basic (30).
Framtida møter skodespelaren i foajeen på Det norske teatret, der han er aktuell i stykket Festning Europa. Onsdag kveld er det premiere for ein fullsett sal.
I det tidsaktuelle stykket spelar han Amare, ein ung mann som flyktar frå eit ikkje namngitt land i Afrika. På ferieøya møter han ein familie norsk på tur.
– I likskap med veldig mange andre unge menn frå Syria og Afrika i den alderen, set han ut på flukt frå den tilstanden han er i no, til noko som forhåpentlegvis er betre, forklarar Amell.
Skodespelaren har tatoverte armar og ei austlandsdialekt, som ikkje røper at han har budd mesteparten av oppveksten i Østfold.
Amell var ein av over 10 000 flyktningar som kom til Noreg frå Bosnia-Herzegovina tidleg på 90-talet. Etter ein kort stopp i Kroatia, bar det rett til det nye heimlandet, der familien på fire vart plassert på eit asylmottak i Saltdal i Nordland. Familien ynskte seg sørover, men sidan det var vanskeleg å kome seg inn til Oslo, enda dei opp på Hvaler og seinare Fredrikstad.
LES OGSÅ: Emilie Beck (24) reiste til Hellas for å filma flyktningkrisa
Amell Basic er svært nøgd med rolla på Det norske teatret. Foto: Dag Jenssen
Det utenkjelege
I Flyktning Europa, som er skrive av Kristian Lykkeslet Strømskag, tolkar Amell rollefiguren Amare i tida før han reiser, på turen over havet og når han går i land. Publikum får høyra korleis han glorifiserer målet, som vert omtalt som ferieøya, dei får sjå reaksjonen når han finn ut korleis han skal reisa og får vere med på opplevinga av mottakinga.
– Har du med din bakgrunn spesielle føresetnadar for å tolka denne rolla?
– I utgangspunktet ja, fordi eg har opplevd det å måtta flykta frå alt og alle, og det er noko ingen ynskjer. Men eg kan ikkje på nokon måte setja meg inn i det her. Krig er jo drit, men desse menneska, som eg prøver å få fram, veit at dei ikkje er ynskt nokon stad. Det er ingen som vil ha dei. Berre det å føle seg uønskt, er heilt ubegripeleg.
Denne kjensla trur Amell er noko av det som skaper grobotn for ekstremisme i Europa.
Han tenkjer på den risikofylte ferda over Middelhavet og korleis foreldre kan risikera å koma i ein situasjon der dei må sleppa sine eigne barn i vatnet. Han tenkjer på si eiga trygge reise og korleis familien vart møtt og integrert, av folk som ville dei vel og ville læra dei opp og prøva å hjelpa. Konklusjonen vert at det ikkje kan samanliknast, men som skodespelar har han prøvd å setja seg inn i desse kjenslene.
Amell har ikkje svara, men håpar at stykket kan bidra til debatt om den pågåande flyktningkrisa.
«Festning Europa er eit forsøk på å bruke teatret til å fortelle andre historier, eller fortelle historiene på ein annan måte. Teatret skal vere til stades i samtida,» skriv Kristian Lykkeslet Strømskag sjølv om stykket. Les heile innlegget her!
Kjersti Odden Skjeldal og Karsten Skartveit i rollene spelar turistar i møte med flyktningkrisa. Foto: Dag Jenssen
Tannpussopplæring eller skiskule
– Eg er humanist først og fremst, så for all del slepp dei inn. Men eg veit ikkje korleis det føregår med sysselsetting og integrering, det må jo gjerast tiltak, seier Amell, som understrekar at han ikkje er politikar.
Likevel har han meir kjennskap til integreringstiltak enn den jamne nordmann. Då familien først kom til Noreg lærte dei mellom anna å pusse tenna.
– Når eg ser tilbake på då eg var yngre, så var eg litt forbanna. Litt sinna. «Kva faen er det dei trur? At me er holebuarar?» Men når eg ser på det i ettertid er det nordmenn i eit nøtteskal.
Amell ler. Han skjønar jo at dei berre meinte det godt. Det kom berre litt feil ut.
I den pågåande debatten vert dei bosniske flyktningane ofte trekt fram som eksempel på god integrering. Amell trur det har samanheng med måten dei vart møtt på og moglegheitene dei fekk.
– Men kva kunne du ynskja at de fekk læra då de kom?
– Kurs i å stå på ski. Og ikkje berre le av det, svarar Amell, som aldri vart stødig i nedoverbakke.
I tillegg trur han at ei innføring i sosiale normer er nyttig for nye nordmenn. For der nordmenn har janteloven og gjerne let ting vere usnakka, kjem Amell frå ein kultur som er ganske motsett. Slik høg temperatur kan verke litt skremmande på skandinavar.
LES OGSÅ: Ti bod for betre integrering
Søkjeprosess
Etter eitt år på Romerike folkehøgskole, eitt år på NISS og eitt på Universitetet i Oslo, kom Amell inn på Teaterhøgskolen i Oslo – ei prestisjetung utdanning, som ynskjer seg fleire studentar med fleirkulturell bakgrunn. Amell trur ikkje på kvotering, men at meir merksemd vil gje fleire søkjarar og meir diversitet.
Då han var ferdig med utdanninga i fjor fekk Amell først eit engasjement ved Brageteatret, før han gjekk til Det norske teatret og ei av tre hovudroller i stykket Tilnærma lik, skrive av Jonas Hassen Khemiri. Her spelte han rollefiguren Andrej, som opplever motstand på grunn av sitt utanlandskklingande namn. Ei kjent problemstilling for skodespelaren.
Då Amell studerte sal og service og då han ville bli eigedomsmeklar opplevde han at han nesten aldri fekk svar på jobbsøknadar, i motsetnad til klassekameratane. Det same gjeld meldingar på FINN, som både kjærasten Synne og kameraten Jonas får lett svar på.
– Ein gong sa eg til Jonas, berre på gøy: «Kan ikkje du sende melding på den sofaen eg sendte melding på? Berre for å sjå kva som skjer.» To minutt etterpå får han svar. Eg blir med og hentar sofaen hos ei veldig koseleg dame, som opnar heimen sin for oss. Eg seier ikkje namnet mitt, for eg vil ikkje laga ei scene. Eg ser jo på ho at ho ikkje er slem, ho veit berre ikkje betre.
Når Amell og kameraten køyrer bort, får han endeleg svar: «Hei Amell. Sofaen er diverre gitt bort.»
Opp igjennom åra har 30-åringen erfart at slike haldningar ofte baserer seg på ei frykt, som gjerne er medieskapt. Han trur ikkje haldningane vil endra seg med det første, men spår betring om alle bidreg og me tek tida til hjelp.
Kaia Varjord og Amell Basic i ei scene frå festning Europa, som speler på frykt. Foto: Dag Jenssen
Nynorskfritak
I dag har Amell draumejobben på det han kallar Noregs beste teater, trass i at han har utanlandsklingande namn og fritak frå nynorsk.
– Eg må innrømma at eg ikkje hadde noko særleg erfaring med nynorsk før, men det er noko flott og poetisk over det. Det kling liksom betre, smilar Amell, som på oppmoding tek ei frase frå stykket:
«Dei seier det er sol på ferieøya. Sol og varmt. Trygt og tørt. Eg ventar.»
Då han fekk beskjed om at han hadde fått ei hovudrolle på nynorskinstitusjonen Det norske teatret, vart han både kjempeglad og kjemperedd. Amell ringte Hermann Bernhoft, som hadde undervist på Teaterhøgskolen. Han spelte inn alle replikkane med austlandsk botnklang.
– Eg gjekk og høyrte på han heile dagen lang og uttalte og uttalte og uttalte. Men no går det betre og betre. No har eg tryggleik i det. Eg veit korleis det går, og det er ikkje så mystisk, seier Amell, som «angrar seg i hel» på at han ikkje hadde nynorsk.
– Det er som med Petter Solberg, som vart verdas største rallystjerne. På spørsmål om kvifor han er så dårleg i engelsk, svarar han at han trudde ikkje han fekk bruk for det. Slik føler eg det er, som står på hovudscena på Det norske teatret, ler Amell.