Roald Dahl twerkar på nynorsk

Feirar 100-årsjubileet med Vemmelege vers i ny, nynorsk gjendikting.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samband med 100-årsjubileet for Roald Dahl gjev SolumBokvennen Forlag ut Vemmelege vers  i ny nynorskdrakt.  

Gjendiktinga, som er gjort av Grethe Fatima Syéd, vert lansert til Roald Dahl (1916-1990) sin fødselsdag 13. september.

I etterordet skriv Syéd at ho har «prøvd å stikke eit sugerøyr ned i det mest innovative segmentet av språk vi har i samfunnet, det som endrar seg frå dag til dag og som truleg aldri nokon på noko tidspunkt har fullstendig oversyn over. Nemleg ungdomsspråket, slang, dagens lingo.»

– Ei gjendikting har alltid utfordringar
Framtida.no spør Syéd om kva som har vore utfordringa med å gjendikta boka til nynorsk:

– Det er så mykje som skal på plass. Innhaldet er no éin ting, men så er det forma, det vil seia rim og rytme, klang, språklege bilete og liknande, forklarar to til Framtida.no.

– Når det gjeld Vemmelege vers er det ei klar haldning i teksten. Boka består av attforteljingar av ei rekkje kjende eventyr. Men Dahl har vridd på det meste, slik at det berre er ei beingrind inst i det heile vi kjenner igjen. Utanpå det er det heile mykje slemmare.

LES OGSÅ: Bannlyser jente- og gutebøker

Fekk hjelp av borna
Dahl tok med mykje som var nytt i hans tid, då boka kom ut på engelsk i 1982.

– Me har dratt det enno eit steg framover gjennom historia, og når eg seier me, er det fordi eg har fått uunnverleg hjelp av ungane mine på 13, 15 og 22. Dei kan ungdomsspråk og slang som eg aldri så mykje som har høyrd om eingong. Som at Oskepott vil på disco, her omforma til twerking, at far til Snøkvit legg inn kontaktannonse i ein trykt publikasjon, her sjølvsagt gjort om til nettdating – og så vidare.

– Dahl er rimeleg frekk, både med menneske og dyr (Raudhette og ulven), vaksne og barn (Jack i bønnestengelen og mora), kongelege og vanlege folk (Snøkvit og dei sju dvergane. Dei er kanskje ikkje heilt vanlege, men det er det dei færraste som er). Men me har ikkje berre vore up to date, me har òg prøvd å leggje inn hint til eldre norsk kultur, som Peer Gynt, Per Spelmann og Ivar Medaas.

– Eg trur nokon kvar vil kjenne igjen sitat frå noko dei har høyrd eller lese om tidligare. Den aller største utfordringa har kanskje vore tanken på at både barn og vaksne skal ha glede av gjendiktinga. Om me har lukkast vil vise seg, seier Grethe Fatima Syéd.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Faktaboks

Utdrag fra «Oskepott»:
[…]
Ønskefeen, den gamle taus,
høyrde ropet, stima til:
«Kva er greia, går det bra?»
«Bra?!?» ropte Potta, «er du vill?
Eg har det møkkings, drit og dra!»
Ho hamra nevene mot kottet,
klikka i vinkel, tilta totalt,
ropte høgt «Ta meg med til slottet!
Det er jo party der i garden,
dei andre har reist, og eg blir galen!
Eg vil ha kjole! Ring ein taxi,
yolo, eg vil vere sexy!
Med tights frå Zara blir eg snasen,
då fell nok prinsen rett på nasen.
Og sko frå New Balance, Converse eller Blahnik
vil nok gjere det rette inntrykk.»
Feen svarte «BRB»
Vifta med staven, på ein to tre
sto Potta på ballet, det var litt av ei fe!
Søstrene berre: «Sjå på det»,
då Potta dansa med blåblod-duden,
twerka mot sixpacken: «Den var smooth den»,
klemte han så totre ribbein brakk
og haka ut or hengsla skvatt.