Dette gjer at jenter driblar saktare
Negative haldningar dårleg for kvinnefotball.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein tysk studie av 15-åringar viser at jenter driblar merkbart saktare når dei møter haldningar om at kvinner ikkje kan spela fotball.
Studien er publisert i tidsskriftet Psychology of Sport and Exercise og omtalt på Forskning.no.
Studien gjort i på Goethe universitet i Frankfurt har målt grupper unge fotballspelarar eksponert for negative haldningar og ikkje.
– Oppmuntring og positive tilbakemeldingar er viktig for å auka kvinneleg deltaking i sporten, seier ein av forskarane bak studien, Johanna Hermann.
Fotballforskar ved NTNU Stig Arve Sæther seier talentutvikling handlar mykje om motivasjon og meistring, hjå begge kjønn.
– Det viktige er repetisjon, og då er motivasjon avgjerande. Vert unge møtt med at vaksne ikkje har trua på dei, kan det gå utover motivasjonen, seier han. (©NPK)
LES OGSÅ: Spelte fotball på 1300-talet