Kåra til Noregs beste kommune

Fedje i Hordaland er vinnaren av Forbrukarrådets kommunetest i 2016.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men sjølv om den vesle kommunen toppar listen, scorar dei største kommunane best i snitt.

Vinnarkommunen har 576 innbyggjarar og er den minste kommunen som nokon gong har vunne testen. Andre- og tredjeplassen går til to andre små kommunar: Stordal i Møre og Romsdal og Valle i Aust-Agder.

Først på fjerdeplass gjer dei store kommunane seg gjeldande, med Asker i spissen.

På siste plass kjem Kvalsund i Finnmark, med 21 av 100 moglege poeng. Høvesvis nest og tredje sist kjem Karasjok i Finnmark og Karlsøy i Troms. Alle tre har under 3.000 innbyggjarar.

Kommunane er testa på områda service, tilgjenge og informasjon, men innhald og kvalitet på dei ulike tenestene er ikkje tatt med i testen.

KORLEIS ER DET Å VERA UNG I DIN KOMMUNE?

Dei største best
Forbrukartesten
viser at gjennomsnittsresultata blir betre når kommunestorleiken aukar.

– Den klare tendensen i alle dei fire store testane vi har gjennomført, er at jo høgare folketal, desto betre gjer kommunane det. Samtidig skal ein også vere klar på at det er fleire sider ved tenestene til kommunane som ikkje er omfatta av denne testen, seier forbrukardirektør Randi Flesland (bildet).

Ho meiner at det mest oppsiktsvekkjande er det store spriket mellom kommunane.

– Det er framleis svært store forskjellar. Dette er noko kommunane må gjere noko med. Vi hadde forventa å sjå mindre sprik, understrekar ho.

Forbrukartesten viser at kommunane som har lykkast med gode resultat, held seg på topp.

– Det handlar først og fremst om god leiing, meiner Flesland.

Ho vil ikkje gå inn på debatten om kommunesamanslåing.

– Våre testar handlar ikkje om politikk, berre om innbyggjarane får det dei har krav på, seier ho.

Quiz: Sjå om du klarar å fullføra desse kommuneslagorda?

Stolte
Dei stolte Fedje-vinnarane fortel at dei scora svært lågt på førre test utført i 2013.

– Då bestemte vi oss for å gjere noko, og vi er kjempestolte over at vi har klart eit slikt kvantesprang, seier rådmann Vidar Bråthen.

– På kaffesamlingane kvar tysdag har vi hatt spørsmålet om korleis vi kan heve innsatsen som eit gjennomgangstema. Vi har god nærleik til våre medarbeidarar, og har klart å løfte oss saman, seier Bråthen. Han understrekar at kommunen har vore avhengig av å samarbeide regionalt for å få gode dataløysingar.

Testen vart utført av Norstat i januar og februar 2016. (©NPK)