Kraftig overtramp
Motstanden mot kraftlinja i Hardangerfjorden vart ein kamp for lokaldemokratiet. Ein ny dokumentarfilm rippar opp i gamle sår.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sima kraftverk ligg i Eidfjord, innerst inne i Hardangerfjorden. Det kom i drift i 1980, og er det neststyrste i landet. Tradisjonelt har straum gått frå vest og nord til dei folkerike områda på austlandet. Så også med krafta frå Sima.
Men me brukar meir straum enn før. Samstundes har det blitt bygd relativt få kraftlinjer, slik at presset på det allereie eksisterande nett har auka. Difor har Statnett i fleire år drive ei storstilla oppgradering av det såkalla sentralnettet. Ny kraftlinjer skal sikre forsyninga også på vestlandet. Statnett er eit statleg føretak som er eigd av Olje- og energidepartementet. Dei er også deleigarar i den nordiske straumbørsen Nord Pool Spot, det ein kan selje og kjøpe overskotsstraum frå dei nordiske og baltiske landa.
LES OGSÅ: Klar til å lenkja seg fast
På tidleg 2000-talet konkluderte Statnett med at det skulle byggjast ei ny kraftlinje frå Sima i Eidfjord til Samnanger. Dette for å styrke kraftforsyninga i Bergens-området. Den nye linja skulle gå opp på fjellet frå Eidfjord og meir eller mindre fylgje fjellet ut Hardangerfjorden. Den ville på vegen krysse fjorden i Osa og i Granvin. Men Statnett hevda at den elles knapt ville vere synleg. Ein måtte i så fall vere i ein båt midtfjords og ha ein veldig god kikkert. Om Bergen skulle vere sikra straum i framtida, så kunne ikkje Statnett skjøne at denne nye kraftlinja skulle vere noko problem.
Det var det delte meiningar om. Den fyrste motstanden kom kring 2004, og allereie i 2005 vart organisasjonen med det velklingande namnet «Folkeaksjonen i Hardanger mot 420 kv. kraftlinje Sima-Samnanger» skipa. Kraftutbygging og kraftmaster er sjeldan populært i nærområda. Men denne gongen var mostanden hardare. Tanken på at Hardangerfjorden skulle skjemmast ut av svære kraftmaster var det knapt nokon som tykte om. Eit openbert alternativ med å leggje heile linja i kabel i fjorden dukka opp, og motstandarane fekk vatn på mølla. Organisasjonen bytte namn til «Folkeaksjonen i Hardanger for kraftoverføring med sjøkabel». Heile fjorden samla seg. Lokalpolitikarar støtta opp og fylkesparti var samde. Alle trudde at dette gjekk vegen. Lokaldemokratiet fungerte.
LES OGSÅ: Kan vera slutten på monstermaster
Konsesjonen kjem
2. juli 2010 gav likevel Olje- og energidepartementet konsesjon for å bygge luftlinja. Reaksjonane let ikkje vente på seg. Det er store demonstrasjonar rundt om Hardangerfjorden. Ikkje minste reagerte politikarane på Stortinget, der saka hadde vore ein gjengangar i spørjetimen i mange år. Som eit svar på dette, sette departementet ned heile fire ulike utval som skulle greie ut om sjøkabel likevel kunne vere eit alternativ. Utvala jobba raskt. Rapportane var klare allereie 1. februar, og departementet kalla inn til høyring i Bergen 10. februar. Utvala konkluderte med det ein allereie visste: det var råd å leggje kabel, men det ville bli dyrt og det ville ta lang tid. Samstundes peika nokre av rapportane på alternative løysingar som å oppgradere eksisterande linjer, at det kan hende ikkje hasta fullt så mykje som det vart hevda og det kunne vere nyttige å sjå på heile straumforsyninga på vestlandet på nytt.
Men tid var noko ikkje regjeringa hadde. 1. mars 2011 var det ski-VM i Oslo. Midt under innspurten av 15 kilometer klassisk for menn, heldt Olje- og Energiminister Terje Riis-Johansen ein pressekonferanse nede i sentrum. Han hadde sett på rapportane, men meinte det ikkje var råd å vente.
«Enhver utsettelse svekker forsyningssikkerheten(…). Jeg ikke gå på akkord med kravene til sikker strømleveranse for Norges nest største by i årene framover», sa ministeren på pressekonferansen.
I mai 2011 tok arbeidet med å sette opp kraftlinja til for fullt. 92 kilometer med opp mot 42 meter høge master. Motstandarane kallar organisasjonen «Hardangeraksjonen».
Dokumentarfilm
Februar 2016. Det er fullt av folk i kafeen i Filmens Hus i Oslo. Dei har nett vore og sett dokumentarfilmen «Kampen om fjordane». Det fylgjer den siste delen av kampen mot mastene, frå 2010 då konsesjonen for bygginga vart gitt, gjennom den folkelege motstanden, det politiske spelet, høyringar, sivil ulynad og rettsaker. Ikkje minst syner den kor mykje denne saka gjekk inn på dei grunneigarane som vart råka.
LES OGSÅ:Alle seks aukar mastesakdommen
Det er tett mellom hardangerdialektane, folk er i godlynne og dei likte tydeleg det dei nett har sett. Midt i står regissør Vigdis Nielsen og smiler. Det vart akkurat den festkvelden ho hadde håpa på. Ho veit det ikkje enno, men seinare skal ho få publikumsprisen på heile Eurodok-festivalen.
Nielsen kjem sjølv frå Ulvik, men har budd andre stader heile sitt vaksne liv. Ho vart forundra når ho høyrde om den enorme kraftlinja dei ville bygga fjella “hennar”, og vart sint. Då konsesjonen kom i 2010 kom også den store folkelege motstanden. Ho såg at her kunne det vere ein historie å fortelje. Eit lokalsamfunn som står opp og vinn over eit statleg verksemd. Trass i at ho eigentleg heldt på med andre prosjekt og kjende at ho ikkje hadde tid til meir, sjekke ho litt om kven som dreiv å lage dokumentarfilm om dette. Men det var ingen. Jobben fell på henne.
– Eg trudde aldri at dei ville få bygd desse mastene. Eg var naiv, eg kom seint inn i det og byrja ikkje å filma før rett før det siste avgjerande konsesjonsvedtaket. Eg filma i Oslo under ski-VM, ein aksjon der besteforeldre og barn demonstrerte framføre Stortinget. Men allereie då merka eg den merkelege stemninga. Folk frå departementet gjekk rundt og tok bilete av folka som berre sa i frå om kva dei meinte. Det var då eg forstod at dette var David mot Goliat, og at denne gongen ville ikkje David vinne, fortel Nielsen.
Alle foto: Halldis Folkedal
Frå naturvern til politikk
Dei andre prosjekta måtte leggjast på is. I staden vart det fleire år der ho sprang rundt i fjella og dokumenterte motstanden mot bygginga. Det var knapt med pengar, og det er ikkje berre lett å lage film langt til fjells. Og det er ikkje alle filmfotografar som har like god kondisjon. Men til slutt kom ho i mål, og filmen hadde premiere i vinter. Nielsen meiner den har vorte eit dokument ikkje berre over ei konkret sak, men syner også at Staten køyrer over lokaldemokratiet.
– Utgangspunktet mitt var kan hende nostalgisk. Eg hadde ikkje budd i Ulvik på mange år, men eg kjende nærleiken til fjella frå oppveksten min. Og eg veit at folk i fjorden er stolte over kvar dei kjem i frå. Dei er stolte av naturen, dei har teke godt vare på den, dei lever i den. Men undervegs endra dette seg. I staden for at filmen berre handla om akkurat denne saka, så såg eg at dette er eit allment problem. Dette er naturvern, men også ein demokratisk kamp. Det er viktig at det finst andre stemmer enn Oslo og makta. Men det er veldige krefter ein står opp mot. Ja, det vart ein veldig lokal og nasjonal entusiasme, men motstandaren Statnett har mykje pengar og ei stor kommunikasjonsavdeling. Slik prøver dei å vinne kampen. Dette er viktig å dokumentere i seg sjølv. Eg håpar verkeleg at NRK tek mot til seg og syner filmen, seier Nielsen.
Den sterkaste augneblinken var på eit informasjonsmøte der Statnett skulle leggje fram planane sine for grunneigarane I Ulvik. Nielsen hadde henta inn løyve om filming på førehand, men då ho gjekk rundt og presenterte seg, ville representantane frå Statnett knapt ta henne i handa. I staden spurde dei grunneigarane om dei faktisk ville ha henne springande rundt med kamera. Statnett prøvde på fleire måtar å få stanse filminga, men grunneigarane sa ja til at ho kunne fortsetta.
– Dette var veldig sterkt for meg. Då forstod eg kor mykje dette betydde, og kor hardt mange hadde arbeidd med dette før eg kom inn i saka, seier Nielsen.
LES OGSÅ: Nok ein trongsynt energiminister?
Filmen har blitt synt mange stader, og det som gler Nielsen mest er at det publikum tek poenget med at dette er noko større. Sjølv då den vart synt på ein filmfestival i Finland, var det tilskodar som kunne kople dette til utbygginga av atomkraftverk på den finske landsbygda.
– Det som sjokkerer meg, er haldninga eg vart møtte med. Eg vart avvist og fotografert, trass i at eg presenterte meg og fortalde om prosjektet. Filmen er til dels finansiert med offentlege pengar, eg hadde dei naudsynte papira på kva eg dreiv på med, men det var til lita hjelp. Eg fekk ikkje snakke med dei eg ville, men måtte i staden intervjua ein i kommunikasjonsavdelinga. Men verre var det sjølvsagt for grunneigarane og aksjonistane. Statnett brydde seg ikkje i det heile, dei snakka ikkje med nokon. Det var gjennomgåande. «Dei har ikkje vore og snakka med oss», sa alle. Ein ting var sjølve saka, men også om kvar det var smart å setje mastene eller korleis ein kunne ta best mogleg omsyn til dyreliv. Heilt uinteresserte. No har dei i ettertid hatt problem, med ising av linja og master som vart plasserte heilt feil og måtte bytast ut. Avstanden mellom makta og folka har blitt for stor, seier Nielsen.
LES OGSÅ: Krev frifinning etter masteaksjonar
Statnett fotograferte alle som var med aksjonar mot den nye kraftlinja i Hardanger. Foto: Halldis Folkedal
Kjensla av å bli lurt
Ein av dei som Statenett aldri snakka med var Hans Uglenes, femte generasjon fruktbonde på Syse gard i Ulvik. I 2006 var han saman med kona Gro i full sving med utvide gardsdrifta til også å inkludere gardsturisme. Glansbiletet av Hardangerfjorden hadde gjort seg betre utan master, men Uglenes hadde trur på at det skulle ordne seg med sjøkabel. Så kom det brev frå om ei eventuell kraftlinje ville gå rett ved stølen deira, Jonsstøl.
Uglenes hadde heller ikkje tru på at det skulle bli noko av. Stølen var freda, og reglane sa tydleg i frå om at det ikkje var lov byggje kraftlinjer så nær freda hus. Men då mastebygginga kom i gang, hadde ikkje Statnett endra planane. Dei bygde master heil inn til stølen på båe sider og bad om at Riksantikvaren gjorde ei ny vurdering.
– Me var på stølen då Riksantikvaren sjekka området. Statnett flaug han inn i helikopter, dei flaug over stølen. Riksantikvaren konkluderte så med at sidan dei var komne så langt med mastene og sidan Noreg desperat trengte straum, så ville han vika. Om eg hadde bygd ein wire same stad, så hadde eg ikkje kom ein meter før eg hadde blitt stogga. Men dei kunne berre køyre på. Det er kan hende slik spelereglane er i politikken, men ein får ei kjensle av å bli lurt. Det tykkjer eg ikkje noko særleg om, seier Uglenes.
Kjensla av å blitt lurt var det ikkje det ikkje berre han som hadde. Då departementet gjekk med å setje ned nokre utval som skulle vurdere ein sjøkabel, såg mange på det som ein siger. Motstanden mot luftlinja hadde vakse seg sterk, og det hadde vore store markeringar det siste året. Trua var stor på siger. Men så ignorerte departementet rapportane og heldt seg til den originale planen med master.
– Då gjekk det opp for folk. Det var bløff heile tida. Dei lurte oss heile tida. Dei la opp til eit taktisk spel. Og det er det spelet som gjer at ein mistar trua på politiske prosessar. For min del var det ein knekk i trua på politikarar og storsamfunnet. Eg var nok naiv i byrjinga, og trudde at det ville vere ein dialog mellom styresmakten og oss. Men Statnett har nok ein arbeidsmåte som sikkert dei har hatt i lange tider, dei berre durar fram. Det er dei same cowboy-utbygginga som på 70-talet. Dei durar på som dei vil utan å snakke med dei som blir råka. Dei skryt av at dei har ein god dialog, men det stemmer ikkje. Dei har kan hende ein god dialog med dei som er samde med Statnett, grunneigarar som får ein ny skogsveg eller noko. Men eg har ikkje hatt noko dialog med dei. Dei berre flaug opp tinga sine, sette opp mastene, og flaug vidare, seier Uglenes.
I filmen opnar Uglenes eit brev som seier han skal få 1000 kroner i erstatning for tapt jord. På den jorda står eit kjempemast på førti meter, «Hm. Eg trudde det ville meir», seier han stutt. Også han trekkjer fram informasjonsmøte for grunneigarane som ein merkedag. Sidan mykje av den råka jorda er sameiger, så måtte alle sameigarane skrive under på avtala med Statnett. Om ikkje alle skreiv under, vart det truga med mindre erstatning til alle.
– Eg vil aldri gløyme stemninga som var i det lokalet den kvelden. Det var heilt stilt. Det var ei sterk kjensle. Representanten frå Statnett messa fram om korleis og kvar dei skulle byggje, og alle berre sat og såg i bordet. Det var trist. Men fjellet står der, med og utan master, og det stoppar ikkje meg frå å vere der. Eg blir litt lei av å sjå på dei når eg sit på stølen, men livet går vidare, seier Uglenes og fortel at det berre er ein ting han ville ha gjort annleis.
– Eg ville ikkje ha skaffa meg advokat. Det var det ingen vits i. Det har jo sjølvsagt vore til hjelp, men det ville ha demonstrert kor lagt løpet var. Det var avgjort på førehand, seier Uglenes.
Sivil ulydnad
Då den politiske prosessen enda med pressekonferansen under ski-VM i Oslo, gjekk motstanden ned i ein bylgjedal. Seks år med kamp hadde teke på. Nokon meinte ein måtte prøva å utnytta dei materielle godene ein kunne få frå kraftlinja, medan andre igjen meinte ein skulle kjempa til siste slutt. Ein annan motstand opp: sivil ulydnad.
I stova heime hjå foreldra i Folkedal, fortel systrene i ein Halldis og Gudrun Folkedal ivrig om aksjonar og markeringar. Så ivrig at Halldis på eit tidspunkt må stoppe systera si.
– Du snakkar så fort!
– Ja, men eg snakkar fort, svara Gudrun.
– Me vart jo oppringd av ei som sa at Gudrun snakka så fort at ho ikkje forstod kva som vart sagt.
– Det var ein logoped frå Bergen som meinte eg måtte snakka mindre «nynorsk» som ho sa. Det ho eigentleg meinte var vel at eg skulle snakka mindre brei dialekt slik at det skulle verta enklare for folk å oppfatta poenga våre. For ho støtta jo sjølvsagt oss og ville at me skulle nå fram med bodskapen vår, seier Gudrun.
Ho fortel også at Statnett etter kvart forstod at språk var viktig.
– I starten var kom all informasjon om utbygginga på bokmål. Men etter kvart forstod dei vel kva syn me hadde, at dei representerte Oslo og makta, og at avstanden til oss vart for stor. Så etter kvart byrja informasjonsbreva å kome på nynorsk, men då hadde det allereie gått eit par år.
Dei hugsar også at optimismen var stor sommaren 2010. Særleg mellom unge folk var det politiske engasjementet stort.
– Når så det politiske spelet slo inn, og t.d. Hordaland AP endra standpunkt i ein eller annan politisk hestehandel, så mista mange trua på det politiske systemet. Det var nedverdigande for lokalsamfunnet. Vesle Granvin som vart dolka av store Oslo. Det er nesten bittert at dei ikkje berre droppa desse utvala. I 2010 var det jo tusenvis som var engasjerte og klare til å seie i frå. Så politikarane visst kva dei gjorde då dei sette ned desse komiteane som skulle sjå nærer på alternativet med sjøkabel, seier Halldis.
LES OGSÅ:Søkjer om sjøkablar i Hardanger – får reaksjonar
Ikkje berre populært
Hardangeraksjonen organiserte fleire markeringar mot mastene, turar til fjells og punktmarkeringar. Systrene Folkedal var mellom dei ivrigaste. Det kom til eit skilje mellom dei som tykte slike aksjonar var bra, og dei som ikkje tykte noko om dei.
– Engasjementet vårt byrja med naturvern, men etter kvart vart det like viktig å syne ein misnøye, fortel Halldis.
– Det var ein kamp for lokaldemokratiet og at om sanninga om kva denne straumen eigentleg skulle brukast til skulle kome fram. Jens Stoltenberg sa t.d. at gamleheimar i Bergen kunne risikere å vere utan straum om ikkje desse mastene vart bygd. Men dette handla om elektrifisering av Troll A-plattforma i Nordsjøen og ei storstilt krafteksport til utlandet. Heilt frå starten var det ei oppleving av det var nokon som kom og tok seg til rette, og det var det noko grunneigarane som kjende mest på. Mostanden var nok blanda i hop, men det kom til eit skilje då me gjekk til aksjonar og byrja med sivil ulydnad. Då var det folk som tok avstand og ikkje ville ha noko med det å gjere.
Gudrun merka denne motstanden.
– Det var nok folk som snakka stygt om oss bak ryggen vår. Me visste at me ikkje var populære hjå alle. Slike kampar splittar jo alltid. Nokon meinte at dette var ein motstand mot det dei kalla eit «loveleg fatta vedtak». For andre var me heltar. Men ein må ikkje gløyma at dette var ein kamp som hadde vore driven i sju år før me byrja med aksjonar. Det er naturleg at nokon dett i frå. Folk blir utslitne. Det var ei folkerørsle, som så gjekk over til å bli ein eksklusiv aksjonsgruppe.
Eksklusiv er relativt, det fleire hundre som var med på ein eller annan aksjon i løpet av dei tre åra aksjonane vara. Gudrun var den ivrigaste aksjonisten, hadde posisjonen som aksjonsleiar og var med på om lag femti markeringar.
– Det var heiltidsarbeid på eit tidspunkt. Eg var aksjonsleiar, og arrangerte med dei fleste aksjonane, med frå hjelp Anita Aalvik og Håvard Gjerde. Eg kjende som eg hadde heile Hardangerfjorden på skuldrene mine. Det var altoppslukande.
Alvoret kom då arbeidet med mastene hadde kom til Granvin og Folkedal. Statnett skulle eigentleg seie i frå til grunneigarane om når dei skulle starte opp arbeidet, men det gjorde dei aldri. Ein dag kom dei heller køyrande med utstyr opp gjennom dalen. Gudrun gjekk etter.
– Eg gjekk opp på fjellet, og ei gravemaskin hadde starta arbeidet. Eg var heilt åleine, men sette meg ned og hindre dei i å gjere meir arbeid. Det gjekk eit par timar, og eg byrja å gå heimetter for å ete middag. Då kom politiet, og eg kasta meg i grøfta for at dei ikkje skulle sjå meg. Så allereie då hadde dei fått instruks om at dei skulle ta motstanda mot arbeidet med mastene seriøst.
Ingen av dei hadde tru på at det ville vere råd å stoppe mastene. Men dei ville at Statnett skulle merke at dette ikkje var greitt. Dei kalla seg kleggar, små og irriterande som kan gje sviande stikk.
– Eg plar seie at det var ein sorgprosess, seier Halldis.
– Det var veldig mykje sinne, me var veldig lei oss. Me sa tidleg at me skulle kjempa til siste mast, og Granvin var sist ute. Sidan dei hardaste aksjonistane var frå Granvin, og me hadde aksjonert i Kvam, så kunne me ikkje gje oss når arbeidet kom heim hit. Me tenkte at kva mastepunkt fortente ein aksjon. Det var jo også grunneigarar som seier det same, at det var ei sorg dei måtte gjennom. Så då hadde dei gjerne ein liten aksjon og ei markering på si jord. Om ikkje anna enn å markere eit standpunkt.
Med aksjonar kjem reaksjonar. Politiet hadde fått instruks frå Politidirektoratet om å fjerne aksjonistane så fort som råd. Aktivistane vart «Hardangers most wanted» og ein kunne risikere å treffe på sivilt politi i Granvinsfjella. Temperaturen auka, og sjølv om tilhøvet mellom arbeidarane frå Kroatia som sette opp mastene og aktivistane var godt, så var ikkje sjefane deira samde. Politiet delte ut ferdselsforbod til alle dei trefte på i fjellet, alle vart fotografert, DNA-prøvar vart tekne, Statnett ville saksøke og skuldingane hagla. Frank Aarebrot sa at det virka som om politiet oppførde seg som eit privat vaktselskap for Statnett. Til og med ein av kameramennene op dokumentarfilmen fekk ferdselsforbod.
Foto: Bevar Hardanger
Arr
Aksjonane fekk eit rettsleg etterspel. Dei vart dømde for å hindra arbeidet, med eit argument om at dei burde ha meldt frå til politiet før dei gjekk til sivil ulydnad. Ferdselsforboda politiet delte ut har seinare blitt dømd ugyldige. Men ingen av dei angrar, men minst heller humøret og dei absurde situasjonane dei hamna i. Det viktigaste var likevel at dei gjorde noko.
– Det er god kjensle. Eg trur dei fleste som var med er nøgde med at dei sei i frå, seier Gudrun.
– Utgangspunktet var at me ikkje ville ha mastene i fjellet. Men så vart det ein kamp om sanning. Men eg trur mest på at Statnett har tenkt å selje straum til utlandet. På sett og vis er det imponerande at me fekk så mykje merksemd som me gjorde. Me var berre nokre lokale folk som dreiv på. Ingen av dei store miljøvernorganisasjon stilte opp, som dei gjer i Førde no. Så me kalla oss kommunikasjonsavdelinga i Hardangeraksjonen, sidan Statnett hadde ei svær kommunikasjonsavdeling. Og me knuste dei på gong. Poenget vårt kom fram. Dei har gjorde alle feil kan gjere. Ta Gro Aalvik, ein grunneigar og bonde frå Kvam. Ho var dritlei av måten Statnett oppførde seg på, og insisterte på at mastene på grunnen hennar var plasserte feil. Ho stilte seg opp på mastepunktet og vart henta vekk av politiet. Så har det synt seg i ettertid at dei faktisk var plassert feil, og Statnett må no bruka fleirfaldige millionar på å flytta mastene, seier Gudrun.
Systrene seier at saka har sette spor.
– Det vart ei endring i trua på lokaldemokrati og me mista fort trua på prosessar, seier Halldis.
– Eg tenkjer det same om Førdefjorden no. Det kjem til å bli gruvedrift der. Det er uråd å stoppe. Likevel er det viktig å seie i frå.
Gudrun er samd.
– Og eg veit ikkje kva parti eg kan røyste på.
Vinteren 2013/2014 stod var kraftlinja ferdig. Sommaren etter signerte Eidfjord kommune ein kontrakt med det Kristiansand-baserte selskapet NorthConnect. Dei skal etter planen leggje ein sjøkabel frå Sima-anlegget til Skottland.
LES OGSÅ: Synnøve Kvamme: Kjære alle saman!