Han er Askeladden
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vebjørn Enger dukka opp som skodespelar og hovudrolleinnehavar i filmen «Kompani Orheim» i 2012. Ifølge Filmweb hadde han ikkje skodespelarerfaring før han gjekk på audition for filmen.
No har han fått ei ny, stor rolle i den norske storfilmen «Askeladden – I Dovregubbens hall», som nærmar seg innspeling. Stavanger-guten skal spele helten i filmen som blir produsert av Synnøve Hørsdal og Åshild Ramborg. Måndag blir det også klart kven som skal spele Per, Pål og prinsessa.
Eventyrfilmen baserer seg på Asbjørnsen og Moes klassiske forteljingar og skal ta oss med tilbake til eit Noreg for lenge, lenge sidan.
Handlinga vil sentrere rundt den fattige bondesonen Espen Askeladd, som gir seg i veg for å redde prinsessa i kongeriket. – Prinsessa er kidnappa av sjølvaste Dovregubben, eit grufullt troll som det blir sagt er umogleg å vinne over, heiter det i ei pressemelding.
Regissør Mikkel Sandemose debuterte som spelefilmregissør med «Fritt Vilt III» i 2010, og følgde opp med «Gåten Ragnarok» i 2013.
«Askeladden – i Dovregubbens hall» får kinopremiere hausten 2017. (©NPK)
Vebjørn Enger debuterte i 2012 med rolla som unge Jarle i «Kompani Orheim»: