Samanslåingar kan koste milliardar
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Samanslåing kan koste milliardar
Så langt har regjeringa løyvd 225 millionar kroner til dei elleve kommunane som har slått seg saman. Over 100 kommunar kan følgje etter, noko som vil utløyse omkring 2 milliardar kroner i støtte.
Nationens ordførarundersøking viser at éin av fire ordførarar trur det går mot samanslåing. Det betyr i så fall at ytterlegare 100 norske kommunar vil få støtte på same vilkår som dei elleve første.
– Det er ganske store kostnadar knytte til samanslåing. Det er så mykje det vil koste. Så den ambisjonen om å gjere alt dette på ein gong, det synest vi er ei meiningslaus bruk av ressursar, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum til avisa.
Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) ber Vedum følgje med i timen.
– Regjeringa fekk støtte frå eit breitt fleirtal i Stortinget for den økonomiske støtta til kommunar som går saman i juni 2014. Desse kommunane vil få god støtte og føreseieleg økonomi i mange år framover, seier Sanner.
Dei elleve kommunane som til no har slått seg saman, har fått 225 millionar kroner etter å ha søkt samanslåing tidleg i reformløpet. 10 millionar av dette er såkalla hurtigløpsstøtte, som kommunar som slår seg saman seinare ikkje vil få.
Til samanlikning er dei samla utgiftene i statsbudsjettet for 2016 berekna til rundt 1.246 milliardar kroner. (©NPK)