Pollensesongen er i gang
Fredag sende Astma- og Allergiforbundets pollenvarslingsteneste ut det første pollenvarselet i år. Det er ein til to veker tidlegare enn gjennomsnittet dei siste ti åra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pollensesongen startar stadig tidlegare, noko som kjem av ein kombinasjon av luftforureining og milde vintrar.
Som normalt startar sesongen med beskjeden spreiing av or og hassel i dei kystnære områda frå Oslo til Stavanger.
– I innlandet i sør og ved kysten nord for Trøndelag er pollensesongen framleis eit godt stykke fram i tid, opplyser pollenanalytikar Hallvard Ramfjord i Norges Astma- og Allergiforbund.
Han minner om at personar som er sterkt plaga med pollenallergi bør starte den medisinske behandlinga i god tid før spreiinga tar til for fullt for å oppnå best mogleg effekt. (©NPK)