«Få ungdommen med i kommunereforma»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunereforma er høgst aktuell for alle kommunar i heile fylket i denne perioden. Det er viktig at kommunane er medvitne om at ungdomen bør takast inn i denne perioden, av di det er dei som skal bu i kommunane i framtida. Truleg er det lang tid til neste kommunereform, og det er difor særs viktig å gjere eit grundig arbeid no.

Kommunereforma er ei politisk sak, så kommunane bør leggje saka fram for ungdomsrådet og andre ungdomar på eit nøytralt vis. Internettsidene åt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er særs gode for å finne meir informasjon. Denne informasjonen er meint å vere tilgjengeleg for ålmenta, under dette òg ungdomen.

TEST DEG SJØLV: Kan du dine kommuneslagord? 

Kommunen har sjølv eit ansvar for å passe på at ungdomane vert tekne med i arbeidet med kommunereforma. Eg vonar at kvar kommune i heile fylket gjer sitt beste for å engasjere ungdomen så godt som råd, i god tid før avgjersla vert teken.

Mange av kommunane har allereie vedteke at det skal vere folkehøyring, og at røystefør alder skal vere det året ein fyller seksten år. Dette er positivt, og viser at kommunane ynskjer å inkludere dei unge. Det vil difor vere særleg viktig med god informasjon, for det kan vere krevjande for ungdom på seksten år å skaffe seg oversyn over kommunereforma. Om vi ynskjer ungdomen med, lyt vi gjere det på deira vis, så få ut informasjonen der ungdomen er.

Det er lettare å finne ungdomen på sosiale mediar og på skulane enn å finne dei i resepsjonen på rådhuset eller ved å sende røyksignal.

Lukke til med det viktige arbeidet!

Her kan du sjå korleis Møre og Romsdal freistar å engasjera sine ungdommar: