Nye praksis-journalistar i Framtida.no
Justine Fonn Sætre og Rebekka Bod Nes testar ut journalistikken i Framtida.no.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er ganske interessert i journalistikk så det å kunne sjå korleis det er å arbeida med profesjonelle folk virka ganske interessant, seier Justine Fonn Sætre. Til vanleg er ho og Rebekka Bod Nes elevar i 2. klasse ved medielinja på Stord vidaregåande skule. Denne og neste veke er 17-åringane i praksis på Framtida.no-kontoret på Stord.
– Eg ønskte å ha praksisplass hos framtida.no fordi eg synest det er kjekt å skriva og sjå korleis ord og tankar kan settast saman og formidlast gjennom tekst. Eg har mykje meir flyt når eg skriv enn når eg snakkar, seier Rebekka.
– Kva saker likar de å lesa om?
– Eg likar å lesa litt av kvart. Som regel les eg saker som vekkjer kjensler eller informerer om noko viktig, seier Justine.
– Eg likar å lesa saker om menneske som har ei historie å fortelja og nyhendesaker for å halda meg oppdatert, svarer Rebekka.
– Kva kan de tenkja dykk å jobba med i framtida?
– Eg har ikkje heilt bestemt meg enno, men ser for meg at det blir noko mediarelatert, seier Justine.
– I framtida har eg lyst til å jobba med skriving, ikkje nødvendigvis journalistikk eller grafisk design, avsluttar Rebekka.
Journalistspirene er allereie i gang med fleire saker som du kan få lesa i tida framover.
Har du tips til oss? Ta kontakt på tips@framtida.no!