Åtvarar mot politi-hacking

– Urovekkande av justisminister Anders Anundsen, meiner Elektronisk Forpost Norge.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med eit lovforslag om nye politimetodar, som dataavlesning. Aftenposten meldte rett før jul at politiet skal få lov å hacka datamaskinene til mistenkte kriminelle og terroristar.

Elektronisk Forpost Norge (EFN) er ein organisasjon som arbeider for retten til privatliv og fridom på internett. Dei har skrive brev til justisminister Anders Anundsen der dei åtvarar mot meir overvaking.

– Utsegnene dine i artikkelen er urovekkande. Dataavlesing som metode bagatelliserer du, og samanliknar det med telefonavlytting. Men det å tillata hacking av datautstyret til mistenkte representerer uansett ei alvorleg utviding av den inngripande metodebruken til PST, og skriftleg materiale kan vera lettare å spreia enn lydopptak, heiter det i brevet.

LES OGSÅ: Positiv til at politiet driv datasnoking

– Strir mot Grunnlova
Ifølgje styreleiar i EFN Thomas Gramstad strir slike metodar i utgangspunktet mot grunnlova og den europeiske menneskerettskonvensjonen.

– Det skal mykje til for å rettferdiggjera metodar som er så inngripande som dette. Me må spørja oss kva slags samfunn me får viss me for lett aksepterer bruk av slike metodar, skriv han i brevet til justisministeren.

LES OGSÅ: – Overvakinga vil auke

Ber om utgreiing
EFN ber om at det blir utgreidd om ein i det heile tatt kan rettferdiggjera slike metodar, og om det er er mogleg å førebyggja terrorisme og annan alvorleg kriminalitet med andre metodar.

Ved å hacka seg inn i ein maskin, lagar ein ei opning i tryggleikssystema, slik at andre òg kan få tilgjenge. Det som skjer er at ein bryt seg inn og skader forsvarsverket i maskiner og utstyr. Her må ein forsikra seg om at ein ikkje eksponerer han som vert avlytta for andre farar, åtvarar EFN.

– Ein annan alvorleg og reell trussel ved dataavlesing er utru tenarar som kan misbruka tilgjenget dei får til svært sensitive opplysningar, skriv EFN i det opne brevet til justisministeren.