Stor etterspørsel etter «gåver med meining»
Hos Plan International Norge har salet av «gåver med meining» auka med 50 prosent sidan 2014.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mange vil gi geiter til jul
Ein av tre nordmenn kjøper alternative julegåver, viser ei fersk undersøking gjennomført av Plan International Norge. 1.000 respondentar i alderen 18 til 74 år fekk spørsmål om dei nokon gong hadde kjøpt gåver kor inntektene går til velgjerande formål, og til saman 33 prosent av dei spurde hadde kjøpt eller vurdert å kjøpe alternative julegåver.
– Vi har definitivt merka interessa. Så langt i år har vi allereie selt alternative julegåver for 1,3 millionar kroner, seier Kjell Erik Øie, generalsekretær i Plan International Norge.
Undersøkinga viste at alternative julegåver er mest populært blant dei yngste. Mens 44 prosent av 18 til 34 åringane svarte at dei hadde kjøpt eller vurderer å kjøpe alternative julegåver, låg talet på berre 29 prosent blant dei mellom 35 og 54 år.
LES OGSÅ:Heimelaga skattar under juletreet
Vinterkle til syrarar
UNICEF Norge har også merka seg ein stor auke i etterspørselen etter alternative julegåver, som organisasjonen kallar som «verdsgåver». Etter 2009 har UNICEFs omsetning av verdsgåver auka med 26 prosent.
– Ein av dei tinga som gjer at folk har valt å kjøpe gåvene hos oss er at vi tilbyr reelle gåver. Viss du kjøper ei vaksine blir den tatt rett ut av hylla på eit naudhjelpslager i København og sendt ut derfrå, uttaler kommunikasjonsrådgjevar i UNICEF Norge, Helene Sandbu Ryeng, til NTB.
Organisasjonen har ikkje merka nokon skarp auke i salet av dei alternative gåvene etter at media retta søkjelyset mot flyktningkrisen dette året, men ser ei jamn stigning.
– Dei gåvene som er knytt til dagsaktuelle problem er veldig populære. I år har vi for eksempel tilbode vinterkle til syriske flyktningar, noko som har slått veldig godt an sidan vinteren er kommen, også i Midtausten, seier Ryeng.
LES OGSÅ:Tips til alternative julegåver
Juleempati
Flyktninghjelpen merker også den store etterspørselen etter alternative julegåver eller «gåver med meining» som organisasjonen kallar dei. I deira gåve-utval er også vinterkle, teppe og skulebøker blant dei mest populære gåvene.
– Det er litt tidleg å seie kor bra det har gått i år samanlikna med i fjor, men vi er veldig takknemlege over sjenerøsiteten til folk, seier Harriet Rudd, leiar for samfunnsavdelinga i Flyktninghjelpen, til NTB.
Plan Norges undersøking viser at 53 prosent svarer at dei kjøper alternative julegåver for å betre samvitet, mens 28 prosent meiner årsaka er at det høyrer jula til å tenkje på andre.
Rudd trur jula bringar med seg ein viktig bodskap.
– Jula er ei tid mange tenkjer at dei skal dele av sitt og av den overfloda vi har i Noreg, seier ho og får støtte av Ryeng i UNICEF.
– Verdiane rundt samhald og nestekjærleik høyrer jula til, og mange av oss har det vi ønsker oss. I staden for å kjøpe noko til den som har alt, kan ein vere saman om å hjelpe nokon andre og dele den gleda, påpeiker Ryeng. (©NPK)
LES OGSÅ: Deler sine beste julegåvetips