Heimflyttar-film vann pris i Cannes
Filmen som vart laga for å marknadsføra regionen Sunnhordland vann torsdag kveld pris under Cannes Corporate Media & TV Awards.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Filmen er produsert av Zpirit as og regissert av Simeon Frohm for Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Det skriv Samarbeidsrådet for Sunnhordland i ei pressemelding.
772 bidrag frå heile verda konkurrerte om å vinna prisar i festivalen, som er den største i sitt slag i Europa, og den nest største i verda.
Utdelinga fann stad på Palm Beach Cannes. Her var det lagt ut raud løpar for dei 270 gjestene.
Meir om film: Les kva vår meldar syns om Villmark II
Sjølve prisen er utforma som ein delfin og står på ein marmorsokkel. Størrelsen på statuetten baud på litt problem ved avreise ettersom den veg heile 5 kg, melder rådet.
I juryen sat mellom andre 2 tidlegare Oscar-vinnarar, samt fleire Emmy-vinnarar.
Hovudmålet med filmen er å gjere Sunnhordland og alle kvalitetar som finst i regionen kjent.
Filmen har tidlegare vunne pris under filmfestivalen FilmAT i Warszawa samt gullsild under Markedsforeningen på Haugaland sitt årlege arrangement.
Sjå filmen «Where do you want to live?»: