Heltar i regn

Ikkje for å skryte, men for nokre veker sidan var eg i utlandet. Og der såg eg ein helt som eg har tenkt mykje på under valkampen.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Heltar i regn

Eg var i dette utlandet på ein festival for og med folk som driv med det eg driv med: Tull, tøys, teater. Slike ting. Denne festivalen er enorm. Det er teaterforestillingar og tryllekunstnarar og standup-komikarar og klovnar og dansarar overalt, på kvar ein pub, på kvart eit gatehjørne. Derfor er det også ein kamp for å få folk til å komme på akkurat din opptreden. Uansett kvar du går, deler folk ut flygeblad for sine show: «Kom og sjå dansk sekkepipe-standup». «For første gong i historia: Shakespeare med berre nake skodespelarar». Sånne ting.

For å skilje seg ut, er flygebladutdelarane ofte kledde ut. Byen er full av vaksne folk med dyreøyre eller tights. I lunsjpausen er det ikkje uvanlig å sjå blåmålte folk drikke kaffi, eller skjeggete menn sitte på puben og klappe ein tøytiger.

Denne festivalen går føre seg i Storbritannia. Det er med andre ord vært sannsynlig at det regnar minst ein gong i løpet av festivalen. Og det gjorde det. Ein dag regna det ikkje berre litt. Det bøtta ned. Medan det stod på, var gatene nesten tomme. Nokre få flygebladutdelarar heldt ut, så vidt. Eg såg mellom anna ein som hadde gitt opp. Han stod på det same gatehjørnet kvar dag. Vanligvis stod han der og ropte ut namnet på forestillinga han reklamerte for. Vanligvis smilte og lo han. Denne dagen stod han der, kliss våt tvers gjennom, delte ut like våte flygeblad, og mumla halvhøgt til folk: «Soggy piece of paper, anyone? Soggy piece of paper?». Så gav han opp, og søkte ly, han som ale andre.

Det var denne dagen eg såg helten min. Eg hadde også søkt ly. Du skal ikkje sjå vekk frå at det var på ein pub. Så såg eg han gjennom vinduet. Han stod på eit lite torg. Eg er litt usikker på kva han dreiv med. Eg er ofte usikker på kva gateunderhaldarar driv med. Han sykla i alle fall på ein einhjuling. Medan han spelte på noko, og las. Eg var inne, så eg høyrde han ikkje, men det såg ut som om han laga mykje lyd.

Det regna noko heilt vanvittig. Alle var inne. Gatene var fullstendig tomme. Bortsett frå denne mannen på einhjulingen. Han dreiv på. Han ropte, han gjøgla. Han gav seg ikkje. Dette, kan han ha tenkt, dette er sjansen min til å skine. Når alle dei andre gir seg på grunn av litt regn. Då er byen min, og berre min.

Entusiasmen hans var enorm. Og det var ingen som høyrde på han. Det var ikkje eingong nokon som gjekk forbi. Det var berre han og entusiasmen hans. Og regnet. Og tomme gater. Kanskje tenkte han: Viss eg klarer å halde denne energien oppe til det sluttar og regne og folk kjem ut att i gatene, då har eg vunne. Då er eg kongen av festivalen.

Men det var denne valkampen. Eg bur slik til at uansett kvar eg skal så må eg gå forbi ei rad med valboder og lokalpolitikarar som deler ut flygeblad. Der står dei, dag etter dag, og deler ut dei same flygeblada, med den same bodskapen, om at partiet mitt jobbar for mange gode saker, omtrent dei same sakene som partiet i boda ved sidan av, men kanskje på ein litt annan måte.

Denne valkampen går føre seg i Norge. Det er med andre ord svært sannsynlig at det regnar minst ein gong i løpet av valkampen. Og det har det gjort. Likevel står dei der. Ikkje alle. Og ikkje alltid. Men det er alltid minst ein lokalpolitikar som står der, uansett vêr. Ikkje har han oppsiktsvekkande antrekk eller einhjulssykkel heller. Ikkje syng og speler han. Han står der, i ein kjedelig genser, og deler ut eit kjedelig flygeblad. Dei andre partia gir seg kanskje etter kvart. Det regnar for mykje. Det er for få å dele ut flygeblad til. Vi tek ein pause.

Men han blir ståande.

Viss eg berre held ut til det sluttar å regne no, tenker han, då har eg vunne valkampen.


Først publisert i Aftenposten 5 september.

Les fleire tekstar frå Are Kalvø her!