Kunnskapsministeren lanserte Leseskogen
I dag lanserte Foreningen !les si nye lesesatsing. På nettsidene deira gjev lesedyra gode boktips på både bokmål og nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me snakkar veldig mykje om at det er viktig å lesa for å læra, fordi elevar som forstår det dei les får lyst til å læra meir. Men å lesa handlar òg om å oppleva kor utruleg gøy det er å lesa. Lesing er både veldig viktig og veldig fint, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ifølgje ei pressemelding då han gjesta lanseringsarrangementet.
Hjelp i skogen
Det er Foreningen !les som står bak Leseskogen. På dei nye nettsidene får elevar på 1. og 2. trinn i møta eit leselystent univers der skogens dyr les og anbefaler bøker.
Leseskogen skal gje born, foreldre og lærarar fortløpande tips til bøker som er eigna for høgtlesing. Satsinga skal hjelpa lærarane med både lesetips og undervisningsopplegg. I tillegg skal foreldre få råd til korleisde kan gjennomføre høgtlesing uavhengig av barnets ferdigheiter og interesse for lesing.
Dagleg leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner, gler seg over at dei no harover 30.000 påmeldte elevar.
– Gjennom Leseskogen vil borna få ein inngang til litteraturen som er både spanande, morosam og lærerik, seier ho i pressemeldinga.
Statsråden og skjelletta
Elevane på Lilleborg skole i Oslo fekk høyra kunnskapsministeren lesa høgt frå «Samira og skjelettene» av Camilla Kuhn.
Statsråden rosar kampanjen og meiner det er bra at fleire gode krefter jobbar saman for at born skal oppleve meistring og glede knytt til lesinga.
Rektor Gro Nordstrand er oppteken av å finna gode aksjonar for å auka leselysta blant elevane og tykkjer Leseskogen er eit veldig spanande tiltak.
– Dessutan er høgtlesing en fin måte for elevar, lærarar og foreldre til å møtast rundt litteraturen på, seier Nordstrand.