Ta telefonen og bli millionær
I Lom står ein av landets 98 verna telefonkioskar. Om du høyrer det ringer her, ta telefonen og du kan vinne ein million kroner!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ta telefonen - bli millionær
Saka var først publisert i Fjuken.
Mange drøymer om å få ein telefon frå Norsk Tipping på Hamar. Nå har du sjansen.
Norsk Tipping har sett i gang konkurransen «Telefon frå Hamar». Mellom 17. og 31. august vil dei ringe ein av dei verna telefonkioskane i Norge.
Det finst framleis 98 gamle telefonkioskar her i landet. Ein av dei står i Lom. Elles i Gudbrandsdalen står det telefonkiosk på Otta og Vinstra.
Den som svarar når Norsk Tipping ringer ein telefonkiosk ein stad i Norge, vinn 1 million kroner.
Telefonkiosken i Lom som står inntil lensmannskontoret. Skulle du stå i nærleiken og høyrer at det ringer, skund deg å ta telefonen. Det kan lønne seg.
Norsk Tipping vil la det ringe i eitt minutt. Dersom ingen svarer, vil ein ringe neste telefonkiosk på lista.
Aldersgrensa for å delta er 18 år.
Følg nedtellinga til konkurransestart her.
Da denne saka vart lagt ut fredag, var dette tida som var att før konkurransen startar: 2 dagar, 23 timar, 09 minutt, 34 sekund, 33 – 32 – 31 – …
Faktaboks
Den norske telefonkiosken
Var eit resultat av at Oslo Telefonanlegg i 1932 lyste ut ein konkurranse om å laga ein enkel og billeg telefonkiosk. Den funksjonalistiske telefonkiosken «Riks» av advokat Ole Georg Fasting vart valt ut blant 93 forslag.