Norsk økonomisk endringsevne i verdstoppen

Noreg har ein av dei mest endringsdyktige økonomiane i verda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endringsevne i verdstoppen

Endringsevna til Noreg er betre enn både Danmark og Sverige, viser ei ny undersøking. Av 127 land ligg Noreg på fjerdeplass.

– Dette viser at Noreg på mange måtar er betre stilt enn vi kanskje sjølve er klare over, seier Rune Skjelvan, partnar og ansvarleg for rådgjevingsverksemda i KPMG Norge.

Change Readiness Index 2015 måler kor godt eit land kan handtere brå endringar, enten det er innan økonomi, naturkatastrofar eller sosial uro. Indeksen er utarbeidd av revisjons- og rådgjevingsselskapet KPMG i samarbeid med Oxford Economics.

Til saman er 127 land, 96 prosent av verdsøkonomien og 97 prosent av befolkninga i verda med i undersøkinga. Singapore ligg øvst, framfor Sveits og Hongkong. Noreg er nummer fire, framfor Danmark (8) og Sverige (9).

Noreg ligg i toppen på blant anna likestilling, teknologibruk, rettstryggleik, økonomisk vekst og på matvare- og energitryggleik. Det som trekkjer klart mest ned, er fleksibiliteten i arbeidsmarknaden. (©NPK)