10.000 har besøk 22.juli-senteret
– Openheit og kunnskap er det beste vernet vårt mot hat, vald og ekstremisme.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er glad for at så mange allereie har vitja utstillinga i 22. juli-senteret. Besøksstala viser at det er behov for storsamfunnet å ha ein stad som formidlar informasjon og kunnskap om det som skjedde 22. juli 2011. Senteret skal vera ein læringsstad for å minne oss om det som skjedde og om betydinga av å stå imot hat og ekstremisme, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Halvparten av foreldra til 22.juli-offer er sjukemeld
Opent for 9.klasse og oppover
Utstillinga i 22. juli-senteret viser hendingane den dagen, korleis vi som nasjon stod opp mot terroren og korleis vi som rettssamfunn tok oppgjer med terroristen.
– Tilbakemeldingane frå vitjande er svært gode og viser at senteret er viktig og riktig, sjølv om utstillinga er vond og krevjande, seier Sanner.
Han håpar mange skuleklassar vil ta turen når skulane startar oppatt om tre veker. Senteret tek imot klassar frå 9.trinn og oppover. Regjeringa skriv i pressemeldinga at ei pedagogisk tilrettelegging av hendinga 22.juli 2011 ikkje berre dreiar seg om å overføre kunnskap om det som faktisk skjedde, men opnar opp for verdidiskusjonar og refleksjonar.
– Openheit og kunnskap er det beste vernet vårt mot hat, vald og ekstremisme, seier Sanner.