Kollaps i klimaforhandlingane: – Skuffande
Store oljenasjonar sette ned foten, og Danmark og Sverige forlét klimaforhandlingane siste dagen av COP31. – Endå viktigare at Noreg følger opp heime, seier Naturvernforbundet.
To dagar på overtid måtte landa som var samla til klimatoppmøtet i Antalya, gi opp forsøket på å bli einige om ei slutterklæring sundag.
Ein av grunnane til at forhandlingane stoppa opp, var at ei rekke land nekta å godta ei slutterklæring som ikkje eingong nemnde fossilt brensel – deriblant Noreg, EU, Storbritannia og ei rekke utviklingsland. Danmark og Sverige var blant ei gruppe land som forlét møtet undervegs.
Irlands klima- og energiminister Darragh O’Brian, som representerte EU-delegasjonen, meiner at oljestatane – deriblant Saudi-Arabia og Russland – «kuppa» toppmøtet.
Mohamed Adow, leiar av tenketanken Power Shift Africa, kalla møtet «det verste COP nokosinne», og meiner EU må ta sin del av ansvaret for at forhandlingane fall saman. Han skuldar EU for hykleri når dei ventar at andre land legg fram planar for omstilling vekk frå fossilt brensel medan dei sjølv utvidar bruken.
– Noreg må følge opp
Manglande framgang i det internasjonale samarbeidet legg endå større press på Noreg, meiner norske miljøorganisasjonar.
– Eit veldig skuffande resultat, seier Rikke Agerup, fagrådgivar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.
– Dette utfallet gjer det endå viktigare at Noreg følger opp heime. Det inneber stans i leiting etter ny olje og gass i Arktis og ein truverdig plan for klimakutt og omstilling vekk frå fossile brensel, held ho fram.
– Lar andre betale prisen
I forslaget til slutterklæringa låg det eit punkt om å følge opp vedtaket frå førre års klimatoppmøte om å tredoble finansieringa til klimatilpassing.
Når slutterklæringa ikkje vart vedteken, fall dette punktet også bort.
Elin Cecilie Ranum, leiar for policy i Utviklingsfondet, meiner COP31 har svikta menneska som vert hardast råka av klimaendringane, og fortvilar over at utviklingsland må vente endå eit år før denne pengestøtta vert auka.
Aurora Wibe Limkjær, første nestleiar i Changemaker, kritiserer rike land for å ikkje komme til Antalya med større økonomiske lovnader om klimafinansiering.
– Det er utruleg at Noreg framleis nektar å innrømme det historiske ansvaret sitt for klimakrisa, seier Limkjær i pressemeldinga.
– Noreg har skapt enorme verdiar på fossil energi, medan menneske over heile verda betalar prisen gjennom tørke, flaum og tap av livsgrunnlag. Det er ikkje berre uansvarleg. Det er eit medvite val om å la andre betale prisen for rikdommen vår, seier Limkjær i pressemeldinga.
– Stans oljeleitinga
Eitt av temaa det har vore stor spenning rundt i årets møte, er såkalla nasjonale vegkart for omstilling vekk frå fossil energi. Fleire land, mellom anna Brasil, Danmark og Finland, la fram sine nasjonale vegkart i forkant av og under COP31.
Noreg har ikkje lagt fram noko slikt vegkart. Thea Birgitte Erfjord, leiar i Spire, meiner det viktigaste Noreg kan gjere no, er å sjå på oljenæringa.
– Norsk olje og gass skapar enorme klimagassutslepp i utlandet. Det er det landa som har bidrege aller minst til klimakrisa, som betalar prisen for. Viss vi skal nå klimamåla, er vi nøydde til å stanse oljeleitinga og få på plass eit vegkart for korleis vi skal fase ut olje- og gassproduksjonen vår, seier Erfjord i pressemeldinga.
– Dobbeltmoralsk
Klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap) er skuffa over at forhandlingane ikkje nådde fram til nokon avtale.
– Det hadde vi trunge etter eit år med alvorlege konsekvensar av klimaendringar og stort behov for energiomstilling og elektrifisering, seier ho til NRK.
Ho seier at forslaget som vart lagt fram frå presidentskapen under COP, ikkje var godt nok.
– Vi meinte at det tok oss vekk frå ting vi tidlegare hadde vorte einige om. Difor ønska verken Noreg eller mange andre land å vere med på det, seier ho.
Ho meiner det er tydeleg at nokre av dei store oljeproduserande landa er dei som er mest imot å få fart på omstillinga.
MDGs Frøya Skjold Sjursæther meiner derimot at den norske regjeringa er dobbeltmoralsk.
– Noreg ber andre om å omstille seg, men held fram med å leite etter meir olje sjølve, seier ho til NRK.






